torsdag 4. april 2013

Eg er elefanten i rommet

Har du prøvd å vere annleis.
Og då meinar eg ikkje den der Obstfelderske kjensla av å ikkje vere heilt som dei andre, som dei fleste av oss kan ha til tider. Eg meiner å vere annleis. Å faktisk ikkje vere slik som dei fleste andre er. På eit eller fleire områder.

Om ein tenkjer over kor mange måter det går av å vere annleis på, så seier det seg sjølv at det er mange av oss som veit kva det handlar om. Kan du med handa på hjartet seie at du verken stammar, er plattfot, er muslim eller kristen, har mørkare hudfarge, eller er høgare enn gjennomsnittet. Er du ikkje vegetarianer, eller ordblind eller heiar på Volverhampton.

Det skal godt til at du ikkje høyrer til ei eller anna marginalisert gruppe. At du på alle felt høyrer til mainstream-gruppa. Dei som går på den breie veien i flokk. På ein eller annan måte har nok du og prøvd å vere den som ikkje er som andre. Om du er heldig så er det ikkje på ein måte som andre legg så godt merke til. Det er ikkje sikkert at det er så godt å legge merke til at du har svært store føter i forhold til høgda di. Eller at du er ekstremopptatt av bridge. Det er ikkje sikkert at det er det folk ser først, og tenkjer på først når dei tenkjer på deg.

Andre ting er synlegare. Anten fordi det er det ein faktisk ser når ein ser på deg. Det raude håret eller hijaben, eller at du veg mykje eller lite. Eller fordi det blir antatt å vere ein viktig del av din identitet. Då veit du at det er eit av dei første orda andre brukar når dei skal beskrive deg. Ho der ja. Ho er hyggeleg. Ho er forresten lesbisk/same/kona til ein kjendis/prest.

Eg er annleis. På mange måtar. Somme måtar er sjølvvalgte. Andre er det ikkje. Og somme ting trur folk er sjølvvalgte, utan at det er det.

Eg er for eksempel fråhaldsmenneske, eg er nynorskbrukar og eg har vore medlem i eit menigheitsråd.
Det høyrest nok ikkje så dramatisk ut.

For meg er det veldig udramatisk. Dei fleste av oss er edru mesteparten av tida. Nynorskprosenten er ikkje så lav. Fleire kule og flinke folk skriv nynorsk. Ein kan vere artig på nynorsk. Og sokneråd finst i alle prestegjeld. Faktisk.

Men eg snakkar ikkje gjerne om nokon av delane. Ikkje fordi eg skammar meg. Det gjer eg ikkje. Det er ein del av meg. Men eg er ikkje sikker på om det er det viktigaste med meg. Faktisk så er eg sikker på at det ikkje er det. Det er mykje viktigare at eg er samfunnsengasjert, at eg er veldig opptatt av rausheit overfor kvarandre og likeverd, at eg er er ekstremt glad i å lese. Og mykje anna.

Og faktisk kan det vere leit når andre så tydeleg berre ser det som for dei er mest synleg. Desse tinga ved meg som gjer at eg skil meg ut. Når eg merkar at somme av mine annleisheiter ofte blir det med meg som folk heng seg opp i. Det dei gjerne vil spørre meg om når kvelden er litt på hell, og munnen går litt lettare.

Somme gonger kan det vere frustrerande. Somme gonger føler du at du ikkje når fram. At du ikkje får delta i samtalen fordi dei eigentleg snakkar med denne andre personen. Dette mennesket som er slik dei har tenkt at ein sånn som deg er.

For min del blir eg ofte forhåndstolka som puritansk, sneversynt, og djupt religiøs på den lettsjokkerte ”eg veit ikkje korleis folk formerer seg”-måten.

Og la det vere klart. Det er ikkje meg. Det er langt frå den versjonen av meg som eg opplever som sann. Og derfor oppleves det likevel litt dramatisk når folk tar for gitt at eg er slik.

Kanskje gjer eg det eg og. Ryddar og forenklar. Setter folk saman i grupper som skal ha lik fellesnemnar. Gløymer at både homofile og vegetarianarar, romfolk og jehovas vitner er einskildmenneske først. Og det andre etterpå. Og at det andre faktisk kan opplevast veldig annleis frå innsida, enn frå utsida.

Eit eksempel på dette er homofili.

På åtti og nittitalet vart det sett på som positivt, viktig og riktig å ”kome ut av skapet”, og fleire profilerte menneske forsvarte det å ”oute” andre. Som altså då betydde å avsløre deira homofile legning før dei hadde valgt å gjere det sjølv. Mange meinte at homofile hadde ei ”plikt” til å stå fram. Som gode eksempel for andre. Slik var det då, og i etterkant skal ein ikkje seie at dette var verken feil eller rett. Sjølv om ting ser annleis ut sett frå notida må ein hugse at notida bygg på fortida.

Det har og vore heilt vanleg å hevde at ein har ein ”gaydar”, som altså gjer at ein kan sjå kven som er homofile og kven som ikkje er det ut frå f.eks handbevegelsar, klesstil etc.
Eg har drive med slikt sjølv. Men eg har slutta. (Og eg skammar meg over at eg gjorde dette)
Fordi det gjekk opp for meg at andre sin identitet ikkje skal vere min hobby. Og dessutan gjer ein då akkurat det same som eg reagerer negativt på sjølv.

Eg plasserer folk i grupper basert på kven dei er for meg. Homo-Trond og Lesbe-Laura.
For det er identitet det handlar om.

Retten til å sjølv bestemme kva som er hovudtrekka i din identitet. Og retten til å seie at jau eg er homo, men det er ikkje så viktig i alle situasjonar. Eller jau eg er same/vegetarianer/muslim, og i somme situasjonar er det viktig. Men igrunn så er det ikkje det som er det viktigaste meg meg. Dessutan så er eg eit individ som er homofil/same/vegetarianar/muslim. Det betyr ikkje at eg og alle andre gjer det på same måten og tenker dei same tankane.

Eller å faktisk seie: Kva eg er eller ikkje er har ikkje du noko med.

Ein kan gjere eit lite tankeeksperiment. Om du måtte tatovere eit ord i panna som skulle stå der resten av livet ditt. Du visste at dette ordet truleg ville vere det som dei fleste samtalar ville starte med, og det som folk ville beskrive deg med og huske deg som. Kva skulle det ordet vere?

Eg ønsker meg at vi skal bli flinkare til å legge frå oss gruppetankegongen. Å faktisk tillate mangfold også innanfor gruppene. At vi skal kunne møte menneske utan først å sende dei gjennom den mentale sorteringsmaskina som seier ”om du er slik så er du nok også sånn”.

At vi istaden skal vere åpne nok til å prøve å sjå mennesket som det er.

For min del hadde nok ordet rett og slett vore ”Elisabeth”

2 kommentarer:

Lappeteppet sa...

UNIK

Første ordet jeg lærte meg i 1.klasse. Vi tok alle fingeravtrykk og satte på en plakat. Med rød "trykksverte". I midten skrev frøken, for de het det på den tiden, med blå sprittusj: JEG ER UNIK

Alle er forskjellige, heldigvis, så får vi respektere hverandre så langt vi kan.

Anonym sa...

Nydelig og absolutt fantastisk! Eg er så einig! Har jobba heile livet for å ikkje passe i "bås". Bevisst og ubevisst. Eg ville ikkje vere typisk jente, typisk Eiksundar, typisk kristen, typisk gift, typisk cellospelar, typisk lærar osv... Trur vi alle kan jobbe meir aktivt for å vere interesserte i menneska rundt oss, om igjen og om igjen.