torsdag 9. desember 2010

Adventsintimiteten

Det er advent. Denne tida på året som ingen forlet utan å ha fått merke av den. For oss vaksne handlar det om myriader av arrangementer for ein eller fleire i familien som startar med jule-. Bak kan du putte det meste frå -gløgg til -grøtfest til -trefest til -avslutning til -lunsj til -arrangement og ikke minst til -bord. For ungane handlar det aller mest om at dei får ein pakke kvar morgon når dei vaknar. Det i seg sjølv er greit nok. Fin tradisjon. Anita Borch i statens institutt for forbruksforskning har skrive ein glitrande kronikk om fenomenet. Som i allefall fekk meg til å føle meg litt avkledd i vinterkulda. Eg resignerte her i fjor. Fram til då har vi hatt to utgåver av julekalendrar. Versjon 1) Den tradisjonsrike. På min eigenhendig broderte julekalender med englar i korssting har det henge 24 sirkleg innpakka pakkar. Borna har fått kvar sin dag (ein konsekvens av at eg fekk kvalmebyger av å tenke på at eg skulle kjøpe, pakke inn og seinare la vere å støvsuge opp 48 nyanskaffa småting. dessutan eit forsøk på å gjere det heile litt mindre kommersielt.) Versjon 2) Oppgåvekalenderen. Som bestod av oppgåver som skulle gjennomførast for at adventstida skulle handle om de vi ville den skulle handle om. Berre koselige ting. Ringe nokon ein ikkje har snakka med på lenge, spele spel saman, snakke om nokon ein saknar. Fortelle om juleminne ein har. Fine ting. Ein bra kalender. Men etterkvart vart det tydeleg at det var eg som drog det heile framover, og at det gjekk som sirup. Men i fjor sa åtteåringen forsiktig. "Du mamma, kan jeg ikke få en slik lego-kalender da.... jeg har så lyst på det jeg". Og trass i at eg ved fleirfoldige høve har stått på butikken og fnyst av Kaptein Sabeltann-kalender og Brødrene Dal-kalender, så resignerte eg og lot borna få kvar sin kjøpekalender. Og innerst inne kjende eg at det ikkje berre var trist å skulle bruke natt til 1. desember på noko anna enn å pakke inn små pakkar. (Sove for eksempel) Så når eg med eit stikk av skam ser opp på veggen der årets kalendrar heng. Ein Bakugan-kalender og ein Polly Pocket-kalender, så har eg bestemt meg for at eg skal oversjå det vesle stikket av mammvittigheit som seier at slik skulle det sjølvsagt IKKJE ha vore. Eg har outsourca kalendrane. Dessutan ser eg at det et er året for nettkalendrar for oss vaksne. I år skal visst kvar ei lita rørleggerbedrift ellerreiselivslag ha sin eigen nettkalender. Eg har blitt invitert til å vere med på kalendrane til alt frå danskebåten til snodige firma som eg ikkje eingong veit kva driv med. Men denne eg som epost tok likevel kaka. Julekalender frå Asan. Intimsåpe og advent. Kva er bodskapen her igrunn? Gå jula i møte med reine intimsoner? Ikkje for å vere tradisjonell fundamentalist, eg er dessutan for normal kroppshygiene. Men likevel må eg nok seie nei takk denne gongen.

Ingen kommentarer: