mandag 20. desember 2010

mørkt

Lurer seriøst på kvifor det berre er bjørnar som går i hi. Det hadde passa meg perfekt. Eg kunne lagt meg sånn i starten av november ein gong, vore "oppe på do" akkurat i jula, og så sove vidare til rundt slutten av februar. Og når vårsola nok ein gong blenkte i bakkane, så kunne eg strekke meg og nyte lyset på vinterbleikt ansikt. (Det hadde sikkert vore litt av ein slankekur og!!) Eg er altså slett ikkje noko vintermenneske. Snø er for så vidt greit. Og det er OK med kulde og. Men det her mørket. At det knapt er dagslys ute... Det er til å sukke tungt av. Dei neste dagane skal eg jammen meg gjere det eg kan for å få så mykje dagslys som råd. For dette blir nok for lite. Her trengs det naturleg D-vitamin.

Ingen kommentarer: