onsdag 30. januar 2013

Ting eg veit om Tone Damlie Aaberge

  • Eg veit korleis namnet hennar blir skrive, sjølv om det er litt vanskeleg
  • Eg veit at ho er saman med Aksel Hennie
  • Eg veit at Aksel Hennie mista broren sin i ei fallskjermulykke i fjor
  • Eg veit at Aksel Hennie, før Tone, var saman med ei dame som var dansar
  • Eg veit at Tone før Aksel var saman med ein fyr som var omlag ti år eldre enn henne som heitte Simen.
  • Eg veit korleis han ser ut, og eg veit eigentleg kva han heiter til etternamn og.
  • Eg veit at ho før det var saman med ein fotballfyr frå Sogndal
  • Eg veit at ho vart kjend for ti år sidan då ho vart med i Idol
  • Eg veit at ho då såg ut som ei vanleg ungjente. Det gjer ho ikkje lengre. No ser ho ut som dei fleste andre som har blitt airbrusha av Jan Thomas.
  • Eg veit at ho har minst ei søster. Eg veit til og med at denne søstra heiter Tale
  • Eg veit at ho er fotballfan
  • Eg veit kvar ho vart fridd til og kvar ho har lyst til å gifte seg
  • Eg har sett henne med veldig lite klede på seg opptil fleire gonger. (Ikkje live, vel og merke)
  • Eg veit at ho hadde ein uvane med å stikke ut tunga litt når ho smilte.
  • Eg veit at ho har slutta med det

Dette er berre det eg kjem på akkurat no.

Så er spørsmålet: kvifor veit eg dette? Og då kjem vi til det som er det groteske her.
EG ANAR IKKJE. Eg les ikkje Se og Hør eller andre kjendisblad. Eg ser veldig sjeldan og tilfeldig på Dorthe Skappel snakke om kjendisar på TV. Eg har ikkje ei einaste plate av Tone, eller er spesielt fan av henne. (Eg har ingenting imot henne, ho syng bra og er sikkert grei) Og har så vidt eg veit aldri snakka med henne.

Så kvifor veit eg då så mykje om henne?!!!
Eg veit nesten like mykje om kjærasten hennar. Og ganske mykje om forholdet dei i mellom. Og for å seie det som det er så kan det drive meg litt til vanvidd.

Eg VIL IKKJE vite så mykje om Tone D Aa. Verkeleg!! Eg ER ikkje interessert. Heilt sant!!

Kvifor er ho då som eit slags virus som sprer seg gjennom media og festar seg i lillehjernen min, heilt mot mi vilje. Er det dette eg skal sitte å lalle om på sjukeheimen om nokre år? At Tone Damlie Aaberget var skulda for å flørte med Peter Saade då dei spelte inn video saman. Og Tone-viruset spreier seg i eitt køyr. Etter å ha søkt på nettet etter eit bilete av dama til denne bloggposten, sneik det seg inn litt meir unytting info. Nemlig at Tone  brukar vippe-extentions. Altså falske augevipper som sit lenge. Eg vil ikkje vite noko som helst om Tone D Aa sine augevipper, men vips så er den kunnskapen  på plass i hovudet, og kven veit når eg får det ut igjen.

Eg vil gjerne kunne gå inn i hovudet mitt og slette slik unyttig informasjon for å gjere plass til andre ting som eg ser på som meir nyttig. Strikkeoppskrifter f.eks. Fakta om pukk og grus. Amerikanske presidentfruer. Kva som helst. Og eg trur ikkje dette gjeld berre meg.

Så til det store spørsmålet:
Med eit Tone-virus som spreier seg med langt større fart en fugleinfluensaen; Korleis i alle dagar har nokon kome på tanken å lage eit realityshow med Tone D Aa?

Er det eigentleg råd å kome tettare på Tone?!! Er det eit behov for dette?!! Finst det faktisk folk som ikkje synest dei veit nok om Tone D Aa?!! Kven er dei?!! (Er dei resistente mot viruset som plagar oss andre. Kan det utviklast ein vaksine?) Kunne dei vere så greie at dei forma ei lita sekt og flytta saman i eit kollektiv. I Sogndal f.eks.

Det same gjeld for øvrig Petter Northug. Han er flink på ski, og eg synest igrunn det er artig at han ikkje er så strigla og straumlinjeforma som dei andre. Men han greier fint å få spalteplass som det er. Han treng ikkje eit eige program om "Sirkus Northug"

Når han ikkje har ski på beina er det rett og slett ikkje naudsynt å følgje han med eit fjernsynskamera. Eg vil ikkje vite kva bil han køyrer, at han av og til skulka skulen, eller kva dopapir han likar best.

Det er nok, allereide. Fullt. Eg er forsynt. 











6 kommentarer:

Anonym sa...

herlig blogg! ;)

Anita Cathrine Karoline sa...

- veldig enig!

Jeanette sa...

For en herlig blogg. Nå lagt på min favorittliste :-) Gleder meg til neste innlegg.

Avdeling Holt sa...

jeg har også mye rart lagret i hodet. som hva bikkja til den ene kunden min heter. totalt unyttig informasjon. ikke rart man glemmer basics som melk og brød i butikken når hele hodet er fylt til randen med ting vi egentlig ikke trenger inni der?

Anonym sa...

Jeg konstaterer at dette forklarer hvorfor du hadde et bilde av Tone på skrivebordet på PCen din som jeg var så heldig å få låne i går!
Du er mye penere!

Elisabeth F sa...

(Den anonyme over her er jeg gift med, bare så det er sagt.)