torsdag 5. januar 2012

Doris hemmelige liv

”Åh.. så ryddig og koselig det er hos deg”, sa ei venninne av meg då ho såg eit bilete frå stua mi som eg la ut på FB. Eg såg meg rundt i stova og måtte medgje at:  jo da... det er ryddig nok, ikkje det. Men ikkje så strøkent-ryddig som det framsto på biletet. Til høgre for biletkanten stod støvsugaren, og til venstre stod posane med nedpakka julepynt, klare til å berast på loftet. Men midt mellom der, såg det perfekt ut igrunn.
Spesielt etter at eg hadde fått puffa opp putene og tent lys rundt om kring.


Eg innsåg brått at nettversjonen av meg er ryddigare enn originalutgåva. Og når eg tenkte etter så har nett-meg, la oss for enkelheits skuld kalle henne Doris, også andre fordelar som eg ikkje har.
I følge profilbileta eg har liggande, som er tatt i heldige vinklar, er ho for eksempel tynnare enn meg. (Og alltid relativt heldig på bilete ser det ut som.)  Ikkje har ho ettervekst, og ho er stort sett alltid fresh og nysminka.

I hennar sitt liv ser det ut til at ting er relativt enkelt. Ikkje høgt konfliktnivå på nokon måte. Ikkje at det er det i mitt liv altså. Men det er ikkje så smooth som i Doris sitt liv alltid. Ho har lite til felles med tidsklemme-mora med svart samvittigheit som slenger saman noko middags-aktig utifrå det som fantest i frysar og skåper, fordi ho ikkje har vore organisert nok den dagen til å legge eit bustikkbesøk inn i det stramme tidsskjemaet. Når eg seier ho her, så meinar eg meg. Doris derimot kan fortelle på Facebook at ho har baka brød med fiken og valnøtt, og legge ut bilete av den strålande fine kaka som vart laga til sjuårsbursdagen.
For den egentlige meg er det ikkje flest av slike dagar. Men dei finst dei og. Og det er jo slik eg ønskjer å vere. Eg vil jo vere Doris, meir av tida. For Doris er igrunn ganske fin å ha å strekke seg etter. Ho er jo den bedre versjonen av meg.  

Ikkje minst er ho langt meir poengtert og vittig enn eg er i verkelegheita. Den eigentlege meg kjem med ganske mykje fjas, i tillegg til somme gode poeng. Doris kan til tider vere nærmast som klok å rekne. Eg er ikkje alltid det. Eg kan igrunn vere veldig uklok somme gonger. Men det er sikkert lettare å vere klok og artig, når ein lev eit uproblematisk Doris-liv 
Ein annan ganske klok person har sagt (Doris hadde sikkert hugsa kven, eller iallefall greidd å google det fram, så det verka som om ho hugsa det)  
”Do not compare other peoples spotlight, with your own backstage”.

Altså… Ikkje samanlikn andre sin Doris med din eigen kvardagsperson.
Vi har alle ei Doris, og vi har alle ei verkelegheit. Og det er veldig lett å kome på besøk til eit gjeste-rydda hus og tenke ” dei har det alltid så koselig heime”, og føle seg utilstrekkelig fordi ein aldri rekk å få rydda i kjellaren.  Eller for at ein ikkje har fått gått gjennom dei fråvaksne kleda. Men dei har nok ein kjellar dei og. Eller eit loft, eller noko anna dei gjerne skulle ha gjort, men som dei aldri kjem seg til. Og som dei ikkje har så lyst til å vise fram.  Alle har det. Og det er ikkje ei skam å ha eit roterom, eller ein urydda kjellar. Det handlar om at ein har eit liv. Eit heilt ekte liv er alt ikkje er perfekt støtt, fordi ein er underveis i ting. Som livet for eksempel.  

Eg trur ikkje nokon vil kome til meg og bli slått i bakken av kor ryddig det alltid er. Veit vi at du kjem, er det normalt ryddig. Men om du kjem utan at vi veit det, eller om du er ein av kvardagspersonane våre, så kan du også vere uheldig. Men eg håper dei som er innom oss stadig vekk veit at det er eit hus der folk bor, og der det blir rydda kontinuerlig. Og at vi sørger for at det er skikkelig ryddig når vi vil at huset skal skine.

Når Doris tilsynelatande alltid bur i det skinande huset, så betyr ikkje det at Doris er falsk. Det er sannheit det også. Det er ikkje slik at den eigentlege, meir uperfekte meg, er den rette versjonen.
For det er ein grunn til at Det skinande huset til Doris ligg på toppen av isfjellet og at ho viser fram det fine og bra som er der oppe, og at det andre er godt plassert under overflata. Ein må ha noko under overflata og. For stabiliteten sin del. Og det høyrer faktisk heime der, utan at det betyr at det er stygge hemmeligheiter som ein bør skamme seg over. Og ein må ha noko over overflata. Det kallast sosial intelligens. Folk skal sleppe å forhalde seg til dei grimmaste sidene dine i alle samanhenger. Ein må kunne oppføre seg som folk. Og det betyr sat ein må vere som eit isfjell.

Det er ikkje meininga at vi skal vite alt om kvarandre. Hadde vi fått innsyn i alle delar av kvarandre så hadde vi kanskje ikkje likt kvarandre så godt. Det er lov å låse dodøra. Ingen treng å sjå snørrpapiret. Skittentøyskorga skal ikkje vere presenterbar. Og desto betre du kjenner nokon, desto større del av det under vatnet kan du få sjå.  
Så eg føler meg ikkje falsk som har ei Doris. Ho er sann ho og. Og i virtuelle media er ho det som er over vassflata for meg.

Men om du av ein eller annan avsindig grunn skulle tru at eg og Doris er heilt identiske, og om det skulle vere slik at Doris på noko tidspunkt har fått deg til å føle at du ikkje fiksar ting like bra. Så er det altså ingen grunn til panikk. Det gjer ikkje eg heller.

Med varm helsing fra Elisabeth. Eller Doris... kven veit.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Godt innlegg igjen! Randi.

Pernille sa...

Så fint skrevet at jeg griner litt, her jeg sitter med alt jeg har hatt i kjøkkenskapene utover benker og bord. En mellomting mellom Doris'en i meg som er flink, og Pernille som heller vil surfe enn å vaske og rydde alt inn igjen.

Takk for at du er så fin og god, Elisabeth Doris!

Klem fra Pernille

Nina sa...

Vakre gode deg. Ikke rart at jeg senest i går refererte til deg i en samtale som en av de aller klokeste jeg kjenner.

Hegemor sa...

Du er flink til å skrive, Elisabeth! Og vet du, det er den deilige Elisabeth/Doris-blandingen som gjør at vi er så mange som er glade i deg :-)

Anonym sa...

En god påminnelse, Elisabeth! Hvis alle alltid skulle hatt det sånn som vi ønsker å framstå, hadde vi jo blitt utslitte! Når folk kommer inn i mitt rotete hjem - som kan være rotete også når jeg vet at de kommer - så prøver jeg å tenke at de kanskje synes det er godt at andre også kan ha det rotete. Men jeg foretrekker jo likevel å rekke å rydde før de kommer.

trineb sa...

'liker'



:-)

Anonym sa...

Så bra! Og så viktig å minne om at det er akkurat slik det er. Fikk lyst til å legge igjen en link til The danger of a singel story (faren med å fortelle bare én historie, for skulle du da valgt Elisabeth eller Doris?)
http://fjellcoachen.wordpress.com/2011/11/30/the-danger-of-a-single-story/