søndag 15. januar 2012

Toleranse i praksis


Det er ikkje mykje å seie om gårsdagens Spelemannspris. Anna enn at utdeling og nachspiel har alle ingrediensane frå ein god gammaldags fest i frå tenåringstida. Nokon har sagt noko stygt til nokon andre. Dei har reagert med å svare noko stygt tilbake. ”Alle” er sure på den som sa det stygge, og nokon har faktisk tømt øl over syndebukken. Syndaren sjølv er prega av bondeanger, og seier at han angrar og ikkje meinte det sånn. Han får trøst av ein kompis. Dei reparerer litt saman.

Eg gidd ikkje seie så mykje om verken møkkamenn eller anna åpenbart dårlig dømmekraft.
Det eg vil seie noko om er det som er den viktige diskusjonen her. Kva er OK å seie igrunn? Og er det slik at du ”har lov til” å seie kva som helst, så lenge du etterpå kan seie at ”eg er ikkje rasist altså!”?

Det er ein diskusjon som ein tar ofte. Er det lov å seie ”neger” om du ikkje meiner det negativt? Kva med kvinnenedsettande kommentarer? Eller å kalle nokon homo? Er det magiske løsningsordet ”jammen eg meinte det ikkje sånn”?!
Er det OK? Er det du sjølv som skal avgjere kor grensene går for kva du har lov til å seie. Ut frå kva du innerst inne meinte med det? Så lenge du ikkje sjølv definerer deg som ein rasist, så er du ikkje det? Kva er då det å vere ein rasist, eller homofob, eller sexistisk? 

Ingen av dei mest mannsjåvinistiske kommentarane eg har fått servert oppover er blitt servert meg med bakanforliggande ondskap. Berre med bakanforliggande dumskap eller haldningar som er gått ut på dato. Kvar for seg er dei enkeltkommentarar sagt av folk som trur at så lenge dei ikkje slår kona si eller dagstøtt driv med bevisst psykisk terror, så har dei ingen grunn til å sjå litt på haldningane sine.

For den som er mottakaren av kommentarane er dei dråpe for dråpe med på å gi ei usikkerheit. Dei fortel deg einskildkommentar for einskildkommentar at du ikkje er god nok. Og det er det som er målet, å sørge for å dra deg litt ned, sørge for at du ikkje opplever deg likeverdig. Sørge for at du ikkje prøver deg i ei rolle der nokon ikkje vil ha deg.

Meinte du det ikkje sånn? Nei då får du la vere å seie det og!!
Det er sjølvsagt ikkje vondt meint å kommentere utsjånaden til ei dame i positive ordelag. Men som kvinne kan det til tider vere irriterande å oppleve at du i tillegg til dine faglege kvalifikasjonar er forventa ha ha ein funksjon som pynt. Pyntar du ikkje godt nok opp, så trekk det ned for heilheita, same kor dyktig du er. ”Den søte ungen damen kan jo hente kaffen” 
I dag har dei fleste av oss ein ganske grei identitet i forhold til kva vi er eller ikkje er. Vi opplever ikkje oss sjølve som rasistiske eller mannssjåvinistiske eller homofobe. Vi ser på oss sjølve som moderne oppegåande menneske. Men om vi ikkje lar dei haldningane kome ut av munnen vår så hjelp det lite.

For vi er med på å spre små dråpar av haldningar vi ikke støttar, som igjen gjer det lettare for andre å gjere det same. Og ikkje minst er det med på å skape eit inntrykk av kven vi er, som vi kanskje ikkje er komfortable med.
Om du er av dei som vil forsvare til det siste din rett til å bruke ordet neger, fordi du ikkje meiner det negativt. Tenk då over følgande: Om eg (og mange med meg) høyrer nokon bruke ordet neger, så blir vedkommande litt mindre i mine auge. Sjølv om eg innser at ordet blir sagt dumskap, ikkje ondskap. Om du vel å sjå vekk frå den typen spelereglar, som vi andre ser og følgjer, så må du faktisk akseptere det. At dine pakkisvitsar, sexistiske kommentarar, bruk av homo som skjellsord, eller kva som helst anna av same kaliber, fortel meg at du reint sosialt sett heng litt etter. Anten så meiner du det du seier, eller så er du ikkje i stand til å skjøne at du dummar deg ut når du seier slikt.

Ingen av delene gjer at du framstår på ein positiv måte.

Det er rett og slett ikkje så bra imagebygging. Du framstår dum, kunnskapslaus og med dårlege haldningar. Litt heimeavla rett og slett. Slett ikkje moderne og verdsvant.

Det er mogeleg du har mange andre gode kvalitetar gøymt der inne. Eg, og mange med meg, gidd ikkje å finne det ut etter at du har snakka om ”dei jævla svartingane”. Det er eit kort liv og mange andre folk vi kan bruke tida på å bli kjent med.

To ting til slutt:
Om du kjenner ein mørkhuda som ikkje blir støtt av at du kallar han eller henne neger. Eller ein homo som fortel "rompis-vitsar" sjølv. Eller ei kvinne som meiner at kvinner og menn tross alt er skapt forskjellig, så gir ikkje det deg lov til å snakke sånn. Det er eit menneske med ei meining. Ingen har stemt dei fram som talerør for ei gruppe.

Og om du har tenkt å unnskylde deg etterpå på politikarmåten. Altså seie at ”dersom noen har opplevd dette støtende, så beklager jeg det” så berre la vere. Det er ikkje ei unnskyldning. Det ligg ikkje eit snev av sjølvinnsikt i det, faktisk. Det er berre eit forsøk på å late som om du er lei deg. Glatte over. Du har gjort noko toskete uavhengig av reaksjonane som har kome. Stå for det, eller legg deg flat. Ikkje prøv å snike deg unna.

Ingen kommentarer: