mandag 1. august 2011

Oppvåkningen. Sett frå innsida.

Var det dette som skulle til? Ei massiv tragedie. Noko så voldsomt og vondt at vi ikkje kunne anna enn å ta det inn over oss med djupe skrekkslagne pust.

Var det då det skjedde. Dei ekte kjenslene vann over den påtatte likegyldigheita. Den ironiske distansen skrumpa inn og vart erstatta med realistisk nærleik. Og kva skjer med oss no. Vi navlebeskuarane, matleie, vittigperane, besserwisserane, kommentatorane og ytrarane. Er dette slutten på ironigenerasjonen?

Teikna har vore der lenge. For dei som har lest Bourdieu (eller lest om Bourdieu, som meg) ser ein kva som er trendane i tida. Det er ein rytme i ting. Når trendsettarane har gjort noko lenge nok, så følgjer hopen etter. Då vil ikkje trendsetterane vere med lengre, og finn på noko nytt. Og når det gjeld ironi og samfunnskritikk har vi i den gemene hop forlengst flytta oss vidare frå å vere eit imponert og gapskrattande publikum av Bård og Harald. Vi er ikkje lengre tilskodarar til andre sine vittigheiter. Vi vil også betrakte og vere artige om det, og vi har til og med fått skreddarsydde kanalar. Vi pøser ut ironiske artigheiter via Facebookstatusar og Twitter. Vi er snappy, betraktande, ironiske. Vi er "akkurat som" Knut Nærum, Are Kalvø, Jon Almås. Vi vil også vere vittige, intelligente og med god timing. Vi vil også kome med den gode kommentaren som blir retweeta og lese opp.

I fleire år har det vore eit sosialt handicap å ikkje ha humor. Kva hjelp det vel med kunnskap og god moral om du ikkje kan tulle med kunnskapen du har. Og når kommunikasjonen i stor grad går via vittigheiter og ironi, hemmar det funksjonen din om du ikkje "tar det". Du framstår som treigare og dummare enn du er. Som ein tørrpinn.

Men no har vi kome dit at vi har vore i ferd med å tvere det ut. Det er ikkje lengre berre trendsetterane eller dei som er ekstra verbale som ytrar seg og vi andre som ler. No har ønsket om å vere satiriske kommentatorar til verda og nyheitsbiletet spreidd seg til folk som truleg har sin styrke andre stader. Eg seier ikkje det for å vere ekkel. Det er ikkje ei innpakka spissfindigheit for å ikkje offisielt kalle nokon dumme. Det er ei konstatering av at mange fora no renn over av ytringar frå folk som ikkje beherskar kunsten å ytre seg.

Det seier seg igrunn sjølv. Om ein skal kritisere samfunnet må ein vere samfunnsorientert og ha ei viss evne til å analysere. Om ein skal vere spissfindig i språket sitt må ein beherske balansekunsten det er å ikkje ramle ned på det platte eller surmaga. Og no for tida renn kommentarfelta i avisene over av ytringar frå folk som ikkje mistrar nokon av delene. I staden blir det surmaga, hoverandre guff frå folk som prøver å bruke ironi til å framstå som om dei er dei einaste som har skjønt noko. Eg kunne skrive mykje om dette. Som dei fleste andre kjenner eg livsgleden rase nedover kvar gong eg i vanvare blar litt for langt ned i ein nettartikkel, og for kvar harmedirrande kommentar eg les.

Samstundes så ser eg at det handlar om kven du ønskjer å framstå som. Og i Norge pr første halvdel av 2011 er dei kulaste folka slike som Knut Nærum og Jon Almås. Dei som betraktar samfunnet, og formidlar det til oss andre. Problemet er berre at når trenden er å vere ein som betraktar og ironiserer over dei som deltar, så blir det etterkvart mindre og mindre attraktivt å vere deltakaren. Ikkje berre krever det at du må stå for meiningene dine. Du må også leve med at du blir betrakta og ironisert over.

Det å vere betraktar er ei takknemlig rolle. Du får retten til å meine noko, og sette søkelys på andre, men utan å risikere at lyskastaren blir snudd tilbake på deg sjølv. Du får sjansen til å skine og få merksemd, utan dei negative sidene som følgjer med.

Og med nye medier på plass er vegen kort frå kjøkkenbord til kommentarfeltet i ei nettavis. Det er kort veg frå irritert til publisert. Kven som helst prøver seg gjerne i rolla som samfunnsatirikar, og treng ikkje ein gong å sette namnet sitt under.

Om teorien min stemmer skulle ein tru at dei andre, dei som var tidleg ute med å beherske ironien, no går på tomgang. Somme trivest nok så godt i rolla og har gjort det til ein så stor deol av sin identitet at dei vel å halde fram, men å vere "best". For andre kjennest det kanskje lite matnyttig og tomsnakkande å spy ut artigheiter for å gjere det. Mange har ironisert så lenge at det har blitt ein refleks. Det har blitt ei erstatning for dei ekte kjenslene.

Vi har på ein måte tulla det til med å tulle det vekk. Vi er rett og slett ein ironigenerasjon på tomgang. Eg har høyrt folk ytre dei finaste kjensler ironisk. Når du seier "Ja for du er jo dritfin" med ein sarkastisk tone, så er det ikkje godt for mottakaren å vite om du meiner det, eller kanskje ikkje. Og du sjølv har halde bakdøra på gløtt. Du kan når som helst late som om du berre tulla.

Men kva gjer vi no. Det har skjedd noko som vi ikkje kan tulle med. Noko som har fått oss til å ønske å stå for det vi føler. Vi har stått saman i tusental og løfta opp symbol for det vi kjenner inne i oss. Roser eller teikna hjarter.

Det er ikkje mange veker sidan noko slikt hadde vore utenkeleg. Vi hadde sett på det som kleint. Noko vi ikkje gjorde av prinsipp. Det hadde vore i strid med identiteten vår. Vi var ikkje "sånn". Det var ikkje "oss". Vi hadde vore redde for kva det ville seie for "merkevaren meg" om vi sa noko på ramme alvor. Og ettersom vi på den tida var navlebeskuande og vekkskjemde med sjølvsagt luksus som fred og folkelykke, så hadde vi ikkje sett at spørsmålet om dette var "oss" faktisk ikkje var så viktig.

Vi hadde truleg ironisert over å redde verda gjennom å løfte ei rose. Om at dette kunne brukast i Midtausten også. Sett for oss avstemmingar i EU-parlamentet med heva roser. Nokon hadde sikkert meint at roser er eit oppbrukt symbol. Litt sånn åttitals liksom. Og slik hadde vi ironisert oss unna ekte deltagelse. Vi hadde kanskje prøvd å stille oss i ytterkanten. Sagt at vi ville sjå kva det var for noko, sett på på avstand med ein snappy kommentar på tunga, eller i emosjonell feigheit "deltatt litt". Inntatt den trygge, kjende rolla som betraktar, framfor den skumle rolla som deltakar. Sett på det som skjedde med ironisk distanse. Huskar du det? Ironisk distanse. Det var det vi gøymte oss bak før dette skjedde.

No kan vi ikkje det lengre. Møtet med det forferdelige har henta fram dei ekte kjenslene. Og dei ekte kjenslene har henta fram behovet for symbolhandlingar. Behovet for å vise kva vi meiner. Gjennom roser, hjarter, tende lys, statusmeldinger og innmelding i Facebook-grupper. Det er symbolhandlingar som skal spegle det vi kjenner inne i oss. For dette kan berre møtast med ekte kjensler. Ekte vare.

Men kor går då vegen vidare? Var dette slutten på ironigenerasjonen? Kan vi tulle med Midtausten når vi ikkje kan tulle med vår eiga katastrofe? Kan vi ironisere over politikarar når vi har sett dei stå skulder ved skulder i ei katastrofe, og verkeleg vise (uavhengig av partitilhøyrigheit) at kvar og ein av dei kan vekse inn i skoa som står i skåpet på statsministerens kontor.

Kan vi halde fram med å leike oss med ord, når vi ikkje greier å finne ord sterke nok for dette forferdelige som har skjedd.

Kanskje vi rett og slett må begynne å meine ting no. Heilt ekte. Stå for det vi seier. Risikere å ta feil, eller måtte ombestemme oss, utan å kunne påstå at vi berre tulla. Faktisk vere litt modigare enn vi har vore på lenge. Kanskje må vi engasjere oss i vaksenting som politikk og ta samfunnsansvar, framfor å sjå på på avstand.

Gå inn i rolla som dei som kan kritiserast, istaden for å nyte otiumet det er å vere den som kritiserer. Kanskje kan den nye trenden vere å vere engasjert. Ekte engasjert.

Og eg tullar ikkje når eg seier dette. Det er ramme alvor.

1 kommentar:

Jørgen Kaurin sa...

Elisabeth, dette var meget, meget velskrevet og -tenkt. Håper du har sendt denne teksten, eller tilpassa format til fx Dagbladet, Aftenposten, støpen og andre, det vil bli en god Kronikk sin mange vil kjenne seg igjen i. Jeg gjorde også det. Tenke faktisk på i går, at nå som livet skal gå videre, med underholdning, humor og alt vi mennesker trenger, hva med sånne typer humor som kun bygger på vår forakt for svakhet, og ikke har noe godhet og kjærlighet i seg, jf debatten etter Eia/ Tufte Johansens (som jeg ellers liker/likte) sitt siste program. Jeg mener god humor helst må bygge på noe godt, og ha noe viktig å si. Og det er noe annet enn å kreve at det skal være "pk"