tirsdag 15. juli 2008

Ferien så langt:

Sunnmøre ei veke var deilig. Fikk bada i sjøen, fikk bada på badeland, fikk ordna opp i litt dårlig samvit og tatt turen til den lokale tannlegen på naboøya. Eg veit at eg burde få meg eigen tannlege her i området ettersom eg faktisk har budd meir enn halve livet mitt vekke frå Fjørtofta. Men ettersom den godaste Paul Steinshamn er ein framifrå tannlege som seier slike ting som at "du har dei same krokete røtene som far din ser eg" og som dessutan er kommunal så det kosta meg 500 kroner. (Og det er ikkje mykje i tannlegevaluta). OG eg dessutan faktisk har tid til å gå til tannlegen når eg er på Fjørtofta. Ja då synest eg det er ei bra løysing. Men så er det lite gale med tennene mine då. Null hull og sånn. Etter Sunnmøre vart det nokre dagar her på Eidsvoll. Hadde Reidar og Lillian på besøk, og det var kjempestas. Og når til og med broren datt innom så ville stasen ingen ende ta. Så flaksa gjestane vidare, og vi leika turistar i eiga bygd (sykkeltur til Hurdalssjøen for å bade... over to mil til saman, og Edvin kunne nok ha sykla runda ein gong til... ) Så reiste vi oss ein tur til Sandefjord og hytteliv der. Sommarens sjekkliste så langt: Sjøbad: Mange gangar med varierande tal plussgrader. Faktisk så mange at eg er ute av telling. Grillmat: som sjøbad Ferskvatnbad: Jepp... Hurdalssjøen - ditt lokale syden Ut på tur: I allefall to "skikkelige" turar. Til Kjimen og til Hurdalssjølen (som tidligare nevnt) Båtliv: Jadda - båten vart satt ut i Sandefjord, og vi bedreiv øyhopping i Mefjorden Familietreff: På Fjørtofta vart det tante Joveig og søskenbarn. Alltid kjekt. I Sandefjord kom Bjørn og Sara innom, også vart det tante Kerstin og onkel Agnar og jammen ta meg søskenbarn der og. Ungane fekk helse på sin nyaste tremenning Elida. (Hei på deg, Tine :-)) Innstikk: Så langt har vi stukke innom Belinda og Kjell Narve på vegen forbi Eidsdalen. Soling og ungebonding før vi køyrde vidare. I dag stakk vi innom Monika og Stener i Tønsberg. Koselig å sjå dei igjen, sjå hus og barn. Stikk inn: Reidar, Lillian og Karl-Jan. Håper på fleire besøk i løpet av sommeren. Camping "Hagen vår" har starta sesongen og vi håper på at det vil rulle inn ei campingvogn eller to snart. Til helga kjem kjære brorita på besøk med mine vidunderlege tanteungar. Prosjekt: jada... det blir husmaling den veka eg er tilbake på jobb. Hagemøblane er olja, terrassen skal beisast, og i morgon skal eg begynne med å male rommet til Anders. (Det vil nok fortsette å heite det sjølv om han har valgt oss vekk til fordel for det å bli vaksen) Dessutan har nabo Vegard klipt hekken sin, så å ser det fryktelig ustelt ut om ikkje vi klipper vår og. Merkelige opplevelsar: Så langt er vel det merkeligaste å oppdage at det er restane av ein edderkopp i maten min på ein uteresturant i Sandefjord. Og kelneren beklaga ikkje ein gong (!!), endå eg var verdast snillaste gjest. Bilder: Alt for få... tok nokre med Far sitt kamera, på Sunnmøre, men la sjølvsagt igjen minnepinnen då eg reiste. Meir tur: Jadda.... Kristiansand til helga ein gong. Ellers... slabbedaskeslaraffenliv

Ingen kommentarer: