fredag 31. oktober 2008

Mi gamle faster Kristine

Eg er så heldig at eg har mange sterke kvinner i familien. Kvinner eg ser opp til. Kvinner frå fleire generasjonar som inspirerer meg kvar på sitt vis. Ei av desse er mi gamle faster Kristine. Ho vart fødd 31. oktober 1912, så i dag fyller ho 96 år. Dei fleste av desse åra har vore fine år. År med hardt arbeid, år med eit liv som heilt sikkert ikkje vart akkurat slik ho drøymde om som lita jente. Men som likevel vart eit liv, som eit liv skal vere. Ho har fortalt meg om ei ungdomstid der ho, som var lett som ei fjør var løfta nesten til taken i dansen. Og sjølv om ho ikkje fekk eigne born, var vi mange som var glade i henne og sette pris på henne. Mi gamle faster Kristina, som eigentleg er faster til mor mi, er søstra til min morfar Edvin. No er ho den einaste som lev att av søskjenflokken sin. Og av sin generasjon. På Fjørtofta heiter ho ikkje Kristine. Eller Kristine Mathea Jørgine, som eg trur er heile namnet hennar. Ho heiter Krestina, med trykk på første stavelsen. Faktisk så heiter ho Davik-Krestina. For ho budde mesteparten av det vaksne livet sitt inn i Davikja. Eg håper eg ein gong vert slik som henne. Ikkje nødvendigvis 96 år gamal. Og eg unner ingen som har vore så klar i hovudet og kvikk i tankane som ho har vore, å miste kontakten med verda slik ho er i ferd med å gjere. Ho er så og seie blind, og demensen har kome snikande som ei tjukk skodde, som berre ein sjeldan gong lettar litt, men aldri for lenge. Ho veit ikkje kvar ho er og rotar med mykje. Kontrasten til den vesle kvikke dama, som kompanserte for å vere under 150 på strømpelesten, med å sette haka høgt og ha ein varm klukkande latter, er stor. Ho som alltid greidde seg sjøl. Som alltid såg positivt på verda, som hadde ei arbeidslyst som få kunne gjere etter henne. Ho som alltid var så moderne i tankane og interessert i alt som skjedde i verda at ein samtale med henne aldri kjendest som å snakke med eit gamalt menneske. Ho skulle bli meir enn 90 år før eg såg henne nedtrykt. Elles snudde ho alt til det positive. Ho er den einaste eg veit som kunne sjå noko positivt i å ikkje rekke ferga. No mister ho seg sjølv meir og meir. Verda kjem vekk for henne. Ho har ikkje vondt, men eg trur kanskje ho er redd. For sjølv om ho blir tatt godt vare på så veit ho ikkje lengre kvar ho er eller kven ho er. Somme dagar er klarare enn andre. Men mor mi, og tanta mi, som besøker henne jamnt og trutt fortel at ho er vekke oftare enn ho er heime no for tida. Faktisk så er det berre ein sjeldan gong at ho er heimom, og då er ho berre såvidt innfor døra ei lita stund. Og i dag fyller ho 96 år. Eg er takknemlig for at fleire enn 90 av dei var år med god helse og eit hovudt som eg trur var bedre enn dei fleste. Og eg skulle ønske det var vits i å ringe, slik eg har brukt å gjere før. Gratulerer med dagen, faste.

3 kommentarer:

Marian sa...

No fikk eg klump i halsen. Kastar meg på gratulasjonane til di gamle faster Kristine!

Hilsen Marian, dottera til han Negar-Bjørn (fordi han vaks opp i Ne(ste) garden...)

Lillian sa...

Grattis frå na Hildre-Lillian me, ho so kjøm frå Hildregarden utpå yste-Flem. So forresten he flytta inn på Hildre(7xtippoldefaren min heitte nemla Knut og kom frå Hildre) - Litt spooky?
Men grattis til faster Kristine!

Anonym sa...

Saa fin ho e, Elisabeth! Ej ekje heilt sikker paa om du veit det, men ej syns du e no akkurat ei saann dame som tanta di allereie ej da :-)