lørdag 1. november 2008

Det e hjelp i å bry seg

Det vil eg berre få sagt. At i dag har eg fått bekrefta at det er bra å bry seg ein gong ekstra. I fjor sommar opplevde eg noko som gjorde at eg skjønte at ein gut eg ikkje kjende, ikkje hadde det bra. Og fordi eg kom på at eg kjende ei som var læraren hans, så fekk eg sagt frå om det til henne. Og i dag fekk eg vite at akkurat den telefonen eg tok faktisk hadde fått positive ringverknader for guten. Fordi eg ringte den gangen, fann menneske som kjende han og brydde seg om han ut at han ikkje hadde det bra, barnevernet vart kobla inn, og no har han det mykje betre. Det nytter å bry seg, rett og slett.

2 kommentarer:

Kanarifuglen sa...

Så flott, Elisabeth. Vi skulle hatt mange flere av deg. Du er en kjempeflott person. Dette gjorde meg rørt :-)

LenaF sa...

Kjære Elisabeth! Jeg får frysninger på armene mine når jeg leser dette og tenker at sånn skulle vi ha det for alle barn. Det skulle finnes voksne som ser og som agerer for alle barn som ikke har det godt. Nå gjør det ikke det, men takk for at du er en av de som ser OG agerer!!