mandag 6. april 2009

Blogge på ferja - yes we can

Må berre få skryte av Fjord1 og Rute 22. Akkurat no sit eg på ferja mellom mi heimbygd Fjørtoft (fager ligg du der...) og Brattvågen. Og her er det trådlaust nett til fritt bruk for alle oss som reiser og har laptop. Sånn var det ikkje før i tida då ej og du og han besten va unge. Då kosta ferjebilletten 21 kroner, og vi reiste med bilferja Smøla. Også hadde vi klippekort i papir og spelte ferjepoker kva søndagskveld når vi pendla inn igjen til hybeltiværet. No går visst Smøla i Karibia eller deromkring.
Påska så langt har vore kjempebra. Heimlengselen er tatt hand om for ei stund. Her blomstrar påskeliljene og snøklokkene og krokusen. Og den snøen vi ser kan sjåast på toppen av fjell på laaaaaang avstand.
Denne helga var det marknadshelg på Fjørtofta. Det betyr at det skjer ting heile laurdagen. Slik er det der eg kjem frå. Ting skjer, og folk møter opp. Laurdag vard et først rebusløp med bil. Etterpå vart det servert rømmegraut på samfunnshuset før den legendariske tombolaen klokka halv fire. Eg var der fem minutt før, men då var køa allereide så lang at då eg kom fram til bordet var dei utselde for tombolalodd. Så det var ikkje vi som stakk av med storkakene denne gongen. men på kvelden var det rekefest med revy, og så dans etterpå. Kjempeartig!!! Også er det så kjekt å treffe dei gode gamle venninnene. :-) No er vi på veg på fastlandet. Vi skal snakke med snillebanken vår om oppusing av badet. Også skal vi ete ball hos Lillian og Reidar. Bedre blir det ikkje. For øvrig så har vi Bella på kattepensjonat. Ho skal "kjellshje" som vi seier på Sunnmøre ein av dagane så det er best at ho blir sett litt etter. (Det betyr at tida har kome då ho skal føde, for dei som ikkje skjønte det)
Men du tyven som har tenkt deg innom vårt ikkje så tomme hus... som du ser så har eg med meg laptopen og det har mannen og. Og så mykje meir verdifullt er det ikkje heime hos oss. Vi har framleis tjukke-tv og ikkje har vi sølvtøy eingong. Om du skal raske med deg noko så kan du starte med baderomsinnredninga, for den skal ut uansett. Du kan få ta med deg badekaret og, forresten. Værsågod. Og god påske

7 kommentarer:

Linn Hege sa...

Du må gi beskjed om du havner på naboøya da! Jeg og ungene reiser utover i morgen og blir til mandag (skal en snartur inn igjen til bya på lørdag for å feire en bursdag)

Tonje F sa...

og eg sit på toget frå Fredrikstad og LES bloggen din! :-) våre barn vil ikkje tru på oss når vi fortel om tida før sms, statusoppdateringar og twitter, med lenge oppsparte fem- og tikroningar til bruk i telefon-kioskar for å ringe heim og avlegge rapport for dei par siste vekene.

Siv sa...

Hmmm... no fekk ej med litt heimelengsel :-) helse alle som ej kjenne da, og treff du ho Judith saa kan ho faa en klem med. og en til deg :-)

Lillian sa...

Ej he lært mej å blogge frå telefonen ;D
WOW åt mej!
- Takk for besøket i dag forresten, d e allti so fole kjekt å sjå dåkke! Klemklem

Tysvær skøyteklubb sa...

Jeg kan sende ut et par agenter og omorganisere skapene, kan det være noe? Ingenting stjålet eller ødelagt, bare flyttet litt rundt. Og noen litt klissete sport rundt i huset. Interessert? Eller, prøvd det før? :-)

Nina sa...

Ååå jeg husker Smøla, og jeg bodde på øya da fergebilletten kosta 21 kroner! Hi hi gamle minner, så moro...

Nina sa...

*synger*

... lell er ho fager, fager fordi at vår heimstad ho er.....

*knis*