søndag 25. oktober 2009

Dette med å stille klokkene

Dette internettet er sanneleg min hatt ei finurleg greie. Her i stad så sat eg og tenkte at eg er usikker på kva eg synest om denne klokkestillinga som vi skulle til med i natt. Kva er eigentleg poenget med vintertid? Treng vi eigentleg at det skal bli lysare om morgonen og mørkare om kvelden. For dei fleste av oss vil det berre seie at dagen blir ein time kortare. Ettersom vi nyttar den ekstra timen med lys om morgonen anten til å vere på jobb og sjå ut, eller sove (i helgene). Så dette sat eg og tenkte på. Også lurte eg litt på kva som var ideen med slik endring av tida eigentleg. Kor kom det frå liksom. Og der kom altså internettet inn. For etter eit kort søk på wikipedia fann eg ut følgjande fakta om sommartid og vintertid:
  • - Vintertid er normaltid. Det er sommartida som liksom er avviket. Så når vi stiller klokka i oktober så stiller vi den tilbake til normaltid. (Normalt for kven, kan ein sjølvsagt spørre seg då)
  • I Norge har vi hatt sommertid i fleire perioder (1916, 194345 og 195965. Dessuten hadde man sommertid også om vinteren fra og med 11. august 1940 til og med 2. november 1942.)
  • I siste omgang har Norge hatt sommertid kvart år sidan 1980.
  • I 1996 vart Norge og alle EU-land samde om at sommertida startar siste søndag i mars og sluttar siste søndag i oktober.
  • Sommertid vart innført i ei tid då ein visste lite om døgnrytmene til folk. Ein rekna med at helseeffekten helst ville vere positiv med ein tilleggstime med dagslys om ettermiddagen. No veit ein at kroppen synkronsierer seg med soloppgangen og studier viser at dei aller fleste tåler overgangen til sommertid dårleg.
  • Sommertid vart først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay så tidleg som i 1784, men vart ikkje tatt i bruk før første verdenskrig; Tyskland var først ute i 1916, og deretter fulgte Storbritannia.

3 kommentarer:

Nina sa...

jeg syns det er litt koselig med endringer jeg da... Og så syns jeg det er så deilig når vi stiller klokka til somertid igjen, når det plutselig er så mye lysere :)

Tonje F sa...

enig med forrige talar. Det er så utrulig deilig å få ein time ekstra lys sånn i slutten av mars, då er liksom vinteren definitivt over.

Men eg plagast meir av vintertida no når eg lever eit A4-liv og har klokka på ringing 07.00. Då var det jo fortsatt berre grålyst i dag tidleg...

Tonje F sa...

og det eg skulle fram til var at ei tid var, då eg kunne kome til å gå til jobben i sol heilt til uti desember... det var den gongen arbeidstida var litt meir sjølstyrt, og eg sjeldan våkna før åtte, eller gjekk på jobb før ni-halv ti. Det var tider det