mandag 28. desember 2009

Julerapport

Det er ikkje meininga å vere fråverandre frå bloggverda. Eg er heime på øya i havet, og her er livet godt og fredeleg. Så langt har jula bestått av uante mengder mat, gåver, ungekos med eigne ungar og tanteungar, Yatzy. Og samvær med familie og vener. Det er i slike stunder det slår ein kor langt unna ein er. Og kor godt det er å få lov til å høyre til her ute, trass i at eg har budd heimanfrå i tjue år. 15 av desse på austlandet. Det er stor kontrasten er mellom kvardag på Eidsvoll med null familie i sju mils omkrets. Og heilagdagen her med besteforeldre, og tanter og onklar og grandtanter og søskenbarn og tremenningar og i det heile tatt. Men gode vener er det begge stader. I dag fekk eg melding frå huspassaren på Eidsvoll om at alt stod bra til og at ein annan nabo hadde måkt "garden" for oss. Så godt har vi det begge stader. I går var eg på Vatne hos Judith saman med Siv. Rein kvalitetstid. Instant friendship i nokre timar saman med vener som ikkje blir vekke sjølv om det er milevis og landegrenser mellom oss. Du, kor heldig eg er som har så gode vener. I morgon går vegen til Hildre for å besøke Reidar og Lillian. Gler meg fole til å sjå den veksande magen der. Og til meir tid saman med viktige folk. God Jul.

Ingen kommentarer: