søndag 31. januar 2010

Fart og sjølvtillit

Eg har fått ein ny helt. Eit grepa kvinnfolk som møter verda med trassig blikk og mottoet "fart og sjølvtillit" Ho er ti år, har raude krøllar og heiter Tonje Glimmerdal. Alle, vaksne og barn bør lese den boka!! Her i huset har vi Glimmerdalfeber. Vi lev livet vårt inspirert av ei ti år gamal jente i ein dal utan born. Ei jente som er tøff, men som likevel har stort nok hjarte til å vere eit godt førebilete for både jenter og gutar. Og vaksne. Her i huset er det Tonje Glimmerdal vi tenkjer på når vi set utfor Rognstadbakken på akebrett, og har akkurat litt meir fart enn vi er trygge på. Då brøler vi berre "Fart og sjølvtillit" eller syng Per Spellmann så høgt vi kan. Og når akebrettet stoppar, nesten nede ved Hammerås, så er vi akkurat litt modigare enn vi var før vi starta. For vi vil vere litt som Tonje vi og. Store og små. Ei knakande god bok, rett og slett. Den beste barneboka som har kome ut på norsk på lange tider!!! Og tru meg, eg kan min barnelitteratur. Tonje Glimmerdal blir ofte samanlikna med Pippi Langstrømpe. Og eg er samd i at det er noko Lindgrensk over henne, men eg synest igrunn heller ho minner om Marikken. Ei tøff jente med bein i nasen, stort hjarte og stort vågemot. Og viktigast av alt. Ei usedvanleg god og velskriven historie! Så denne boka må altså lesast!!! Tru meg!! Det må seiast at den ikkje alltid er så enkelt å få tak i. Eg fann henne nesten ikkje på det lokale biblioteket. Eg leita på det elektroniske søkeregisteret, og der stod det at boka "Tonje Glimmerdal" av Maria Parr, var å finne i hylla. Men i hylla var det ikkje ein einaste Parr å finne. Eg gjekk eit par runder fram og tilbake, og til slutt ende eg opp i skranken. Som nynorskbrukar blir ein litt forfjamsa når ein får vite at boka ikkje står blandt dei "vanlege" bøkene, men derimot i ei eiga hylle for nynorske barnebøker: "Slik at det skal bli lettere å finne for de som ønsker å lese sidemål for barna sine", som ho sa. Eg greide å la vere å spørre om ho visste at sidemål og nynorsk kkje er synonym, Vi er faktisk mange som har hatt bokmål som sidemål. (Og som lev godt med det) Og eg har til gode å kome på eit bibliotek i ei nynorsk-kommune og finne ei eiga hylle med bokmålslitteratur. Istaden vandra vi saman bort til den segregerte sidemålshylla, bibliotekaren frå bokmålsland, og eg, (den tydeligvis litt merkverdige) lånetakaren frå "annleislandet nynorsk". Eg fekk litt assosiasjonar til apartheid der vi gjekk. (Og eg veddar på at bibliotekaren hadde eit snev av framandfrykt, eller i det minste kjende på toleransegrensene sine og kjende seg litt frisinna, som gjekk der saman med ein livs levande nynorskbrukar.) Men altså... kva er poenget med å ha bokmålsbøker og nynorskbøker kvar for seg?!! Må du liksom vere "spesielt interessert" for å orke å lese nynorskbøker?! Det einaste som skjer då er at slike fantastiske bøker som "Tonje Glimmerdal", som eg verkeleg unner kvar einaste unge i Noregs land å lese, blir gøymt vekk i ei hylle som "bokmålsungane" ikkje kikar i. Er det viktigaste med ei god bok kva målføre den er skrive på? Er det slik med vaksenbøker og? Skal dei nynorske omsetjingane av Anna Gavalda sine bøker plasserast på ei eiga "særinghylle" saman med Ragnar Hovland, Halldis Moren Vesaas og Spynorsk Mordliste. Bøker som eigentleg ikkje har anna til felles enn at dei er på nynorsk? Eg lurer på om eg må ta opp dette med biblioteket mitt. For dette likar eg ikkje. Eg likar det faktisk slett ikkje. Så kanskje eg skal gjere Tonje Glimmerdal sitt motto til mitt. Kanskje eg må ta rennefart og seie frå, med akkurat nok sjølvtillit til at dei skjønar at det eg seier kan ha noko for seg. For det er stort sett det det står på her i verda. Nok fart og nok sjølvtillit.

4 kommentarer:

Linn Hege sa...

Fekk skikkelig lyst å lese denne boka no! Takk for tipset!

trineb sa...

Tittel er notert!

Cathrin sa...

NEI fillern, den er på nynorsk? Hm, etter å ha lest innlegget ditt så fikk jeg jammen lyst til å lese den til ungene, men det er alt for tungvindt for meg som har nynorsk som sidemål OG var fryktelig dårlig i det, til at jeg orker...

Theodor spør jo om det er svensk om noe er teksta på nynorsk...

Tonje F sa...

ein kan jo sjølsagt berre lure kvar Maria Parr har fått inspirasjon til å kalle heltinna si for Tonje...

*plystre*

:-D