tirsdag 25. mai 2010

Har landa etter Fjørtofttreffet

I dag er det tirsdag som kjennest ut som mandag, Stor dag for nokre små. Alvilde har hatt "bli-kjent-dag" på skulen i dag. Ho hadde visstnok konkludert med at "skole er kjempegøy". I helga var det Fjørtoftstreff. Ei kjempefin helg som starta med NRK-intervju med meg og Nina på direkten. Og eg syntes faktisk vi greide oss greit. Det er tross alt veldig fint å få snakke om noko ein er engasjert i. Og vi er engasjert i Fjørtofta og Fjørtoftstreffet.
Eg trur min konklusjon er at treffet kjekk kjempebra! Folk kosa seg. Eg kosa meg i allefall! Dansen var kjempekjekk. Det einaste problemet eg greier å finne på er at eg gjerne skulle vore to stader på ein gong. BÅDE på landskapsvandring og på riding på Davika f.eks.
Ei strålande helg på Fjørtofta.
Det vart sjølvsagt ikkje verre av å besøke Siv og John på Vatne etterpå. Godgutane hennar er blitt så store og flinke. Huset blir fint. Og middag med "storfamilien" Ulla/Connely/Bech/Pettersen/Fjørtoft var superkoselig. Som eit italiensk måltid. Stor pastagryte, mykje og fantastisk gode kaker, snakking i munnen på kvarandre og latterkuler. Hurra!!

3 kommentarer:

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

En ting e sikkert, ingen skal reise svøltne frå øya... Ej lo å lo å lo! Ej tru de e genetisk, ka tru du??

Elisabeth F sa...

Heilt sikkert genetisk. Det ern ein liten bulk på eit eller anna kromosom, som ein finn på alle Fjørtoftingar. Det må vere BÅDE arv og miljø faktisk.

Ej har matskrekk. Er alltid redd for at det skal bli for lite mat. Også ender det opp med aaalt for mykje.

trineb sa...

Gratulerer med eit vel gjennomført treff!