lørdag 31. juli 2010

Du vet ikke hvor vakker du er.

Dette vesle gullkornet fann eg på ein toalettvegg i Kristiansand i sommar.
Orda "du vet ikke hvor vakker du er" skrive med med runde unge kulepennbokstavar på ein jentedovegg. Eg vart igrunn ganske glad av at nokon ville seie akkurat desse orda til oss andre. Det er så mangt som kan skrivast på doveggar. Reint kommunikasjonsmessig kan ein kanskje seie at dovegg-tekstar handlar mest om avsendaren. Ein kan ofte sjå eit ønskje om å ytre seg i ekstremform. Doveggskriving er ein versjon av "banning". Det er ofte tydeleg at dette er ord som vert skrivne bak ei låst dør. Ein er fri til å seie slikt ein ikkje vil seie ellers. Det er dei styggaste, hemmelegaste sidene av menneskesinnet som kjem fram. Det er grove teikningar. Dårlege rim om kjønnsdelar som "skal sammen sitte". På jentedoen står det kanskje om hemmelege forelskelsar. Om xxxxx som er så deilig. Eller den styggare versjonen der misunnelege venninner skriv at "Hege er ei hore". Det er lett å tenkje seg at Hege kanskje har fått meir sjans en avsendaren på nokon avsendaren helst skulle sett at viste interesse andre vegen. Men på denne doen i Kristiansand (På Herlig Land, for dei som lurer) har altså ei ungjente site og skrive til oss andre "du vet ikke hvor vakker du er". For meg blir det litt poetisk. Mest fordi eg får mange tankar i hovudet. Eg lurer på kven jenta er. Ei svermerisk ungjente? Kva som er grunnen til at ho skriv akkurat det. Gjeld det kanskje henne også? Føler ho ofte at ho gløymer å sjå på seg sjølv som vakker? At andre ikkje ser det? Tenkjer ho på ytre skjønnheit eller den indre skjønnheita. Kva skjedde etterpå? Kven var ho der saman med?
Og er det ikkje ein viss symbolikk i at orda er slitte. Åpenbart fordi dei tilsette har prøvd å vaske dei vekk. Eg likar best punktumet til slutt. Dette er ikkje ei åpen betraktning. det er noko ho slår fast. Slik er det. For alle oss kvinner som går inn på ein do. Vi er alle vakrare enn vi veit. Det er rett og slett litt vakkert.
På vegne av oss alle: Takk! Det gjeld deg og.

1 kommentar:

Tonje F sa...

vakkert! :)

På ein av doane på Chateau Neuf finn ein eit utsagn som gjer meg meir trist igrunnen. Seier noko om kva Generasjon Y (eller var det Z?) er mest opptatt av kanskje? Inni eit tusj-hjerte står det: Meg

Jaja...