mandag 13. september 2010

Prøver meg som interiørbloggar

Sjølv om det er mange som gjer det mykje betre enn meg. Men i helga var eg og Alvilde innom brukt og samlar-messa i LETO-hallen. Slikt er noko av det kjekkaste eg veit. Tusle rundt mellom bord og kike på ting og tang. Eg er veldig lite glad i det som er den moderne stilen no for tida. Eg veit at Skandinavisk design er anerkjent og at frosta glas, stål og reine linjer er fint. Eg synes og det er fint. Men det er andre ting eg likar betre. Eg er superglad i sekstitalsstilen. Då meiner eg ikkje femtitalet med knallfarger og diner-stil, og eg meiner ikkje syttitalet med brunt og oransje og store mønster. Eg meiner sekstitalet. Bernadotte sitt virrvarr -mønster på respatexbord. Lyse fargar, serviser fra Stavangerflint, Figgjoflint eller Porsgrund. Platter til å henge på veggen med bilder av kongefamilien. Skaugum-bestikk. Her er nokre av "funna" eg gjorde. Ikkje så mykje sekstitalet over desse kanskje, men kule ting. Eg kjøpte berre det eine. Nemleg den vesle sukkerskåla i Daisy frå Figgjo (Øverst til høgre) Mor mi har det serviset, og fekk det visst i julegåve frå far min og og oss to ungane eit år tidleg på syttitalet. Så for meg er det barndom og fin design på ein gong. Serviset nede til høgre er sjølvaste bestemor-serviset for meg. Det heiter Blå Fasan og vart produsert av ei rekkje fabrikkar i inn og utland. I dag vert det produsert her

2 kommentarer:

Cathrin sa...

Blå Daisy har fått en tilhenger til ;-)
Selv er jeg innehaver av blå-fasan og ELSKER det.

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

Eg samlar på Skaugumbestikket! SÅÅÅÅÅ FINT!!!