tirsdag 19. oktober 2010

Eg har møtt far min i meg sjølv. Ryggen streikar, og eg sit her utan evne til å verken stå beint eller halde meg oppreist over tid. Og eg som vanlegvis elskar å skrive, pusle, drive med all slags handarbeid og dilleri, har ikkje lyst i det heile tatt. Eg kløøør i fingrane etter å ommøblere. Flytte tunge ting. Eg vil drage fram sofaen og bere tunge kasser. Alt det eg igrunn kjenner i ryggen berre eg tenkjer på det. Og plutseleg så hugsar eg då far min tok ein stor hjarteoperasjon. Hausten 1989. Det var før kikhol. Å operere hjartet var ein kjempestor operasjon med saging av ribbein, og stort operasjonssår. Far min, som sat og jobba med historiske ting og skrifter så og seie kvar einaste dag så lenge eg kan hugse, rørte plutseleg ikkje døra inn til kontoret sitt. Skrivemaskina støva ned. Istaden bar han stein. Han bygde stilas, og måla hus. Og når stilaset var ferdig så gjekk han opp i det og stod liksom og "sikka" litt i knea for å sjekke at det heldt. No er det eg som sit her. Som kikar meg rundt etter noko tungt å flytte på.

Ingen kommentarer: