søndag 10. oktober 2010

Knausgård i mindre format

Fredagskvelden sat eg klistra framfor TVen. Knausgård skulle snakke. På Skavlan. Tiårets mest omdiskuterte forfatter skulle forklare seg for sjølvaste fredagskongen. Det var ikkje eit kjepphøgt dandyaktig forfattartalent vi møtte. Mannen, som har vist seg å vere den nye vinen, han som har vorte samanlikna med Hamsun, som har vore ein sterk kandidat til Nordisk Råds Litteraturpris, han som ser ut som ulven i "Mummy is home"-musikalen frå NRK på åttitalet. Han viste seg å vere ein lavmælt mann. Han framstod som
ein gjennomtenkt person. Eit interessert og oppriktig menneske. Ingen grov og sensasjonshungrig gråbein. For meg er mykje av kritikken mot han uforståeleg. Ein kan meine det ein vil om bøkene. Om det litterære prosjektet det har vore å utlevere seg slik. Å utlevere andre. Om skrivemåten hans. Om oppstyret rundt han. Og når ein skriv så utleverande, så kan han ikkje vente anna enn at kritikken vært nådelaus og personleg. Men mannen skriv godt. Han skriv faktisk glitrande somme stader. Og som litterært prosjekt er det fascinerande med ærlegheita han har valgt. Han seier ikkje at dette er sanninga, men det er versjonen hans av sanninga. og gjennom skildringa av livet sitt ser ein det store i det som er så smått at andre knapt skriv om det. Han skriv ekte om det å vere menneske, og fordi han evner å ta steget ut av seg sjølv, så greier han å gjere det allmenngyldig. Bøkene hans kan lesast som det dei er, historia om livet hans. Om å vere menneske, midt i livet, i 2010. Men det er åpenbart at det også handlar om tida vi lev i. Om reality/facebook/bloggverda. Er ikkje vi alle litt Knausgårdske? Og burde ikkje vi heller kritiserast for det vi ikkje skriv om? Vi som skriv med ein agenda. Anten det er å halde seg innanfor grensene, eller å ikkje utlevere, eller for å få medynk eller bli likt. Kva med det andre? For naturlegvis skriv vi berre det vi vil at folk skal vite. Dei fleste av oss i det minste. Vi nevner ikkje det vi skammar oss over. Urinveisinfeksjonane, kunnskapshola, det haltande ekteskapet, eller hemmeligheitene i familien. Vi nevner ikkje at vi baksnakkar og er late og føler oss mindreverdige. Eller at vi faktisk er så nysgjerrige og skandalehungrige at vi med glede les bøkene til Knausgård. (Spesielt bind fire, der det skulle kome nokre ganske grove avsløringar.) Eg kan ikkje anna enn å beundre Knausgård for det han har utsett seg for. Om 100 år vil det i det minste finnast eit sant litterært verk. Eit som utan å hevde at det som står der er sannheit, fortel den subjektive sanninga om å vere menneske.

Ingen kommentarer: