onsdag 6. oktober 2010

Nestur

Dagen i dag illustrert ved to bilete frå Fjørtoftneset. Ein av dei aller, aller finaste plassane i verda. Her kan ein sjå dei blå fjella på fastlandet over lyngbrune heier. Om ein snur seg møter ein storhavet. Her er det ikkje råd å komme unna havduren, lyden av bårer som slår mot berga, og måsane. Lyden av Neset.
Her vaks eg opp. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har vandra utover her. Forbi sommarfjøsane på ein gammal kjerreveg. På nedsida ligg fjøra med berg og rullesteinar. På oppsida myrane, med igjengrodde torvholer. For 40 - 50 år sidan spadde dei torv her. Då var det rett og slett så lite tre på Fjørtofta at dei brann opp jorda. Myrane. I løene rundt om kan ein framleis finne spor. Utstyr som er brukt til torvspaing. Triller som er lagd for å frakte torva. I dag var det eg og sonen som vandra utover. Som vart glodd på av hundre vaktsame villsauder. Som sette oss på Grønholen og såg ut over og kjende etter kor fint vi har det. Grønholen er ein slags grøn haug, som stikk opp frå dei brune myrane. Det må finnast ei geologisk forklaring på denne knausen midt i det brune, men eg veit ikkje kva. Graset vert halde kort av saud og grågås. Og på toppen stikk det opp nokre spisse, skarpe steinar som minner om toppen av ei slags borg. Her har det nok blitt kjempa mange guttungeslag opp gjennom. No er det ein fredfull stad. Men hverken her eller i Kvalvika som ligg litt lengre ute er det råd å vandre forbi utan å sende ein tanke til farne tider, farne gutungar og farne båtar. I Kvalvika driv alt slag i land som er kasta overbord frå båtar. Her er nøter som har slite seg, enkeltsko og tomme flasker. Ting frå den store verda som har endt opp i ei vik på Fjørtofta. Det er noko vakkert over kombinasjonen av natur og kultur. Over restane av menneskelivet som blir liggande og blir verslite av naturen på ein av dei mest verharde plassane som finst. Eg håper for Guds skuld at Kvalvikja får vere som den er. Om den vart rydda tom for rusk og rask hadde det berre vore ein vanleg vik. No er det eit skattkammer. Ein symbiose. Det er sjølve fyrtårnet som er målet for turen. Her kan ein site og sjå utover. Finne ly mellom knausane, ete krekling frå tua som heng som eit ryggstø for benken ein sit på når ein skriv seg i boka. Beundre skarven som tørkar vengane sine på Hamneholmen rett nedanfor. Då er livet fullkoment. I dag var det eg og sonen som vandra utover i litt lett yr. Og som vanleg var det ei fin tur. Det skal bli fleire i løpet av dei neste dagane.
(Bilde nr 2 er av foten på fyrtårnet)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Elisabeth! So utrula gøtt skreve om ei so utrula fin øy! Ej set me tåre i auekroken å bli rørt over att du klare å finne dei rette orda so beskriv øya vår! Heilt fantastisk! Mej e bra heldige! Menst ej les detta her, kan ej drøyme mej vekk å tenke att d e ej so jeng den turen der. Kjenne den friske havlufta, kjenne lukta ta våt myr, høyre vinden surre rondt dei få trejna so e utjøn der, høyre å sjå ka bårå bryt oppjønå steinan å berga... E so masse en kunna ha sagt om verdens fineste plass... Du fær sagt d på rette måtn!
Ha d fortsatt utrula fint der ute. Ej ligg ute på have å duppa :o)
Klem frå nordsjøen :o)

Nina sa...

Vi er fleire som kjenner det slik - finst ikkje finare plass:-)

Randi sa...

Heia Elisabeth!!
Ja INGEN får sagt det bedre en DU !!!!
Å her er oss enige ALLE som har opplevd dette du skriv om,flott!!!
Takk for fine ord og god tekst!! Jaaa,å eit å anna smilet som du får fram !!:))
Kos deg god no når du er HEIME!!!
Klem frå Otterleia!