torsdag 4. november 2010

Etterlysning: julestria

No trur eg jammen handlesstanden har blitt for lydhøyre. Dei siste pra har vi klaga høgt og lenge om at jula staratar ALT for tidleg. At butikkane legg ut julevaren for raskt, og at det tømmer høgtida for innhald.
Men no synst eg det har gått for langt andre vegen!!
Det er pr dags dato mindre enn fire veker til første advent. Og kor er julepynten i vindauga?!! Kor er dei store snøkrystallane som brukar å henge på Glassmagasinet?
Eg er i julegåvehandlemodus, men kor er jula hen?
Eg veit at dei fleste sikkert synest det er tidsnok 1. desember. Men altså: Med juleavslutningar her og der og nissefestar og lucia-feiringar, og julebord og julelunsjar og heile scmæla, så er faktisk desember oppbrukt. Og når ein då som utearbeidande mor har forventning på seg (ikkje minst frå meg sjølv) til å lage 48 små adventpakkar, vaske ned store delar av huset, sørge for at alle har juleklede, lage julekort/julebrev, få sendt julegåver dit dei skal før fristen går ut, bake julebakst, og faktisk handle inn størsteparten av julegåvene, så synst eg faktisk at det er greit å starte tidleg.
Så bring it on, seier berre eg.
Desto før vi startar, desto større er sjansane for at slike som meg også får anledning til å sette seg ned med ein gløggkopp og kvilepuls nokre gonger før jula setter inn.
Og takk til Åhlens som har begynt, slik at eg rekk å sjå på juggel og stas og kome i stemning, no som eg har har tid til det. Eg er forresten ferdig med tretten julegåver. Pilutta meg.
Og forresten. Når eg visualiserer meg sjøv sittande i ein deilig stol i romjula, med ein kopp gløgg og pledd. Då er det den boka her eg har i fanget. I tilfelle nokon som skal kjøpe julegåve til meg faktisk les den sida her. Det er ei bok med våre vakraste dikt, som har kome ut på Det Norske Samlaget. Og er vidunderleg vakker.

1 kommentar:

Hege F. sa...

Endeleg nokon som seier det som det er!