torsdag 2. desember 2010

gravferdstankar

Somme ting er vanskeleg å skjøne. Livet og døden og det heile. I dag har eg vore i begravelsen til ei som skulle ha vore her mykje lengre. Eit snilt, smilande og gledesspredande menneske som vil bli sårt sakna. Både av oss som kjende henne, og av dei aller næraste. Mannen og borna som no skal leve utan henne. Foreldra som måtte oppleve å overleve yngstedottera si. Det er ikkje slik det skal vere. Livet er ikkje alltid rettferdig. Men samstundes så er det viktig at ein ikkje hugsar nokon berre for det som vart slutten. Eit liv skal feirast. Også det livet som berre varte i 37 år. Ein skal huske gledene, alt det positive. Smilet og hjartelaget. Det er å "signe minnet". Og ein skal huske det gode i menneska i møtet med det vonde. Det varma i hjartet mitt å sjå at lærarane til jentene møter i begravelsen, og er eit trygt fang og ein omsorgsperson i ein tøff situasjon. Slikt betyr mykje synest eg.

1 kommentar:

Nina sa...

Det hele er så hjerteskjærende at det finnes ikke ord. Hva er meningen ...

Varme tanker til deg og familien din i dag, Elianna, og til familien som sitter igjen.

<3