torsdag 6. januar 2011

Dagens liste

Nyttårsforsett er liksom litt i tida. Eg brukar å halde mine for meg sjølv, ettersom dei stort sett setter fingeren på ei rekkje av feila mine. Det er ikkje det at eg trur at folk ikkje ser feila mine. Men eg foretrekk å ikkje tenkje så mykje på kva andre kunne synest eg bør rette på. Eg har såpass sjølvinnsikt at eg ser det meir enn godt nok sjølv.
Men så er det det med å forplikte seg.
Så i år er eg litt meir åpen om mine ambisjonar.
Det eg satsar på at skal skje i 2011, med ulik mengde eigeninnsats, er følgjande:
- Eg skal ete sunnare (Denne er fast: et ganske sunt, lagar mat frå botnen o.s.v men kan alltid bli betre)
- Eg skal trene meir. D.v.s styrke på treningssenteret i byen og Pilates på Eidsvoll. Fastere enn i dag. (også ein gjenganger)
- Eg skal sørge for kulturelle påfyll av opplevingar og kunnskap
- Eg skal skrive
- Eg skal i størst mogeleg grad prøve å vere den beste versjonen av meg sjølv.
Dette gjeld som mor, husmor, menneske, ansatt, kollega etc
Eg skal bli meir økonomisk.
- Eg skal bruke leppestift kvar dag (dette har eg blogga om før)
- Eg skal vere meir ute, fortrinnsvis medan eg får kontroll over ugras i hagen
Eg ser allereide no at dette kjem til å gå skeis somme stader. Men visjonen er der. Det er ein start.
Mobile Blogging from here.

2 kommentarer:

Anja Holt sa...

Lo godt når jeg så den om leppestiften, kongeinnlegg forøvrig! Ha en strålende kveld!

Anita Cathrine Karoline sa...

- du glemte : Jeg skal scrappe minst seks ganger sammen med min gode venninne Anita Cathrine Karoline :) :) :)

Da kan vi bruke leppestift hvis du vil ;)