fredag 4. februar 2011

Handa di i mi

I det vi går ut frå SFO tar du meg i handa. Og slik ruslar vi mot helga, du og eg. Eg stor og vaksen, du førsteklassing, og framleis så liten at det er naturleg for deg å kvile di hand i mi av og til.
Vinterhimmelen er farga i rosa og gulltonar, på ein snøhaug ligg ein gjengløymt vott, og vi ruslar i vårt eige tempo. Ingenting er stress i dag. Du har mykje å fortelle, og hendene våre er som eit band som knytter oss saman. Vi høyrer saman vi to. Du og eg. Du er dottera mi, eg er mor di.
Brått slår det meg at denne handa di ikkje er noko eg må rekne med at alltid skal vere der. Det er ikkje mange år att før du ikkje lengre vil halde meg i handa. Før tida har ført den tillitsfulle jentungen over i ei ny fase. Ei fase som handlar om å rive seg laus, om å bli sjølvstendig. Ei viktig og riktig fase, med nye og fine ting, men ei fase som vil fylle meg med vemod. Fordi den betyr at den tida då eg fekk halde handa di i mi, er over. For denne gong.
Neste gong du skal ta handa mi like naturleg, vil omsorgen gå andre vegen. Då er eg kanskje gamal og ligg i ei seng. Du er vaksen, kanskje er du mor sjølv, kanskje til og med bestemor. Og når du då tek handa mi i di er det du som gir meg omsorg. Du som viser meg bandet mellom oss. Mor og dotter.
Ein gong var eg ein jentunge som deg. Då var det eg som held mi mor i handa. Og eg kan framleis kjenne kor varm og trygg den var. Kanskje er det det du vil tenke på når den tida kjem at du skal gi meg omsorg gjennom ei hand. At eingong var eg den vaksne trygge, og du den som trengde meg. Kanskje hugsar du også kor godt det var å ha ei hand å halde i. Når ein er liten. Og når ein er stor.
Slik har hendene gått mellom stor og liten i generasjonar før oss. Og slik skal det vere i generasjonane som kjem. Ei hand i ei anna hand. Kjærleik. Det å høyre saman.
Eg somlar med vilje, og dryger stunda frå skuleporten til bilen. Handa di i mi er som ein dyrebar skatt. Eg vil dryge ut tida så lenge eg kan.
Tenk at det kan finnast så mykje varme i ei hand.

6 kommentarer:

Nina sa...

.. du skriver fantastisk godt, Elisabeth ..

trineb sa...

... snufse....

Cathrin sa...

*hulk*

BenteOO sa...

- vakkert -

Anja Holt sa...

Takk for tankevekker, snart ligger jeg alene under dyna uten en varm liten barnekropp som holder en arm rundt halsen og en fot i øret... jeg kommer sikkert til å savne det også!

Ha en herlig lørdag!

Anonym sa...

Ej skriv so ho tante, "snufs"! So utrula fint Elisabeth! D e akkurat sann d e! Kjempe fine ord :o)
Gratulere so mykkje me morsdagen! :o)