fredag 4. februar 2011

Tid for ettertanke?

For 150 år sidan fantes det noko dei kalte brevveksling. (Ja eg er ironisk no, eg veit at vi har drive med dette seinare og) I bokhylla heime har eg ei bok med breva som vart send mellom Amalie Skram og Bjørnstjerne Bjørnson. Det er fascinerande lesestoff. Men sjølve prosessen er nesten meir interessant. Der sit to menneske, som tydeleg har funne eit fellesskap i kvarandre, og har starta ein samtale som dei brukar år på å drive vidare. Bjørnstjerne skriv eit brev. Brukar tid på å finne dei rette formuleringane. Akkurat det ordet som presist skildrar den kjensla han vil formidle. Brevet blir ferdigskrive, og startar ei reise som vil ta dagar og veker, før det når fram til Amalie. I mellomtida tenkjer han kanskje på kva Amalie vil svare tilbake? Kanskje held han fram med dei refleksjonane han har gjort seg i brevet, som ei slags førebuing av det neste brevet han skal sende. For Amalie er det ei høgtidsstund når brevet frå Bjørnstjerne kjem. Ho legg det frå seg, tek det opp igjen. Kanskje les ho brevet så mange gonger at orda etterkvart kjem av seg sjølv i tankane hennar. Til slutt skriv ho svaret, som startar reisa tilbake til Bjørnstjerne. Og slik går åra. Mellom kvart brev kan det gå veker og månader. Men samtalen er i gong Samanlikna med dagens twitterdiskusjonar og blogg-kommentarar går denne meiningsutvekslinga så sakte at det vil vere som å samanlikne tempoet i flo og fjøre, med trykket i ein høgtrykkspylar. Det kan synast som om tid til refleksjon var ein av dei viktigaste premissane for den gamaldagse brevskrivinga, medan det knapt finst i moderne nettkommunikasjon. Det er den eine tingen eg saknar mest i dagens mediesamfunn. Eg ønsker meg sterkt og inderleg politikarar og meiningsytrarar av ulikt slag som kan ytre følgjande korte setning somme gonger: "Det kan eg ikkje svare på før eg har tenkt litt meir på det." Det er få ting som har imponert meg meir politisk enn då Magnhild Meltveit Kleppa gjekk ut og sa "eg har endra meining i homofilispørsmålet.” Det ho eigentleg sa var: "eg har tenkt meg om, og det har ført til at eg har ombestemt meg." Det er ei setning som er langt vanskelegare å seie for ein politikar, enn å gå til åtak på den politiske motstandaren som sit nærast. No for tida blir det meir enn nok tankar. Vi skal meine så mykje, og så sterkt, og så ofte. Alt skal skje så raskt. Men kor blir det av den tanken som det tar tid å tenke? Meiningar som er tufta på meir enn ryggmargsrefleksar og adrenalin. Så dagens oppgåve til meg sjølv og andre er å tenke seg om. Dei fleste av oss greier å tenke ein tanke. Men ein må ta tida til hjelp om ein også vil ha ein ettertanke. (Dette innlegget stod på trykk som ei spalte i Haramsnytt 04.02.2011)

2 kommentarer:

Gunn sa...

Du er kjempeflink til å skrive, Elisabeth! Eg les med nytelse!
Klem Gunn

Elisabeth F sa...

Tusen takk Gunn, så utruleg koseleg tilbakemelding å få!! :-D