fredag 27. mai 2011

tilfeldig?

Ei av mine favoritthistorier startar med å fortelle om ein flygande tordivel. Som fordi den treff ein togansatt i auget fører til at eit tog blir nokre minutt forsinka. Og desse få minuttar startar ei rekke hendingar som aldri ville skjedd om det ikkje var for denne tordivelen. I dag har eg opplevd noko liknande. I går leste eg om ei forferdeleg drapssak på VG sine nettsider. Det såkalla "parteringsdrapet", som har gått føre seg i den tunge rusmiljøet i hovudstaden. Det er ei stund sidan drapet skjedde, og eg har lest om det tidligare. Men i går såg eg navnet til og bilete av han som er død. Det viser seg at han er ein som eg har gått på folkehøgskule saman med for snart tjue år sidan. Slikt er det alltid fælt å finne ut. Det er ei forferdeleg sak, og det er leit å tenke på at det skulle gå slik med han. I går var første gongen eg høyrde noko om han på alle dei åra som har gått sidan vi gjekk på skule saman. I dag tidleg skulle eg ta toget på jobb. Eg tok eit seinare tog enn eg brukar, fordi bror min var på besøk, og skulle ta dette toget. På toget vart eg sitande ved siden av ei dame, som begynte å snakke til meg. Det gjer vanligvis ikke folk på toget. Eg trur eg kan telle på to hender dei gongane eg har snakka med nokon på toget som eg ikkje kjende frå før. Men denne dama snakka. Ho spurte først om eg trudde ho ville rekke ein røyk på Gardermoen, så kom vi meir i snakk. Og ho fortel meg kva ho skal i Oslo. Og det er når ho gjer det at eg blir sittande å gape. For ho fortel meg at ho skal dit i samband med skiftet etter sonen hennar. "Det kan hende du har lest det i avisa. Han ble drept i det de kaller "parteringsdrapet". Eg må spørre henne fleire gonger. "Er du altså mor til T?!!" For kva er sjansane for det liksom. At eg eien dagen finn at ut at han er død, og det er første gongen eg høyrer noko om han på 20 år. Dagen etter sit eg ved siden av mor hans på toget, og ho fortel meg faktisk kven ho er. Det er så ein kan bli mørkredd av mindre.

4 kommentarer:

Nina sa...

uff ja, det var nesten ekkelt ....

trist å høre at du nærmest har mistet en gammel venn. sender deg en klem jeg ... <3

trineb sa...

Kjenner godt historia om tordivelen som flyr i skumringen, den gjorde faktisk inntrykk på meg då eg las den i vaksen alder også.

Men eg trur ikkje eg kan førestille meg kva inntrykk denne dagen har gitt deg...


Klem

Elisabeths produksjon sa...

Eg kan framleis sjå for meg boka di, Trine. Eigde ikkje min eigen kopi før godt opp i vaksen alder. Men di bok lånte eg sikkert ti gonger!!
Takk for klemmar. Sjølvsagt trist når nokon dør som ein kjende eingong. Men eg og T var aldri nære vener. Eg kjende han, men ikkje godt. Dette var første gong eg høyrde noko om han på tjue år, og eg har knapt tenkt på han i mellomtida heller. Vi var berre bekjente, men eg hadde inntrykk av at han var ein bra kar. Trist at det skulle gå slik med han.

Hegemor sa...

Hei du!
Sjekk bloggen min - du har fått en award :-)