fredag 24. februar 2012

Pyntedokker?

Det hender ikke sjeldan at ein kjem i stuss over ting ein les i avisa. Eg har mine triggerpunkt, som om dei blir masserte vil føre til at det kjem nokre meiningsytringar. Eit av desse er det at kvinner er forventa å ta seg ut. Her om dagen leste eg følgjande kommentar frå VGs moteekspert:

"Som motekritiker er jeg mindre streng og aldri nådeløs mot de som bygger sin kjendisstatus på andre ting enn det å være kjendis, for eksempel idrettsutøvere og politikere."

Altså, for å starte med det mest åpenbare: Dama kallar seg motekritiker. Det betyr at VG faktisk betaler eit menneske for å site og synse om kva andre folk har på seg. Det forklarar ein del av det andre. For eksempel at ho er raus i forhold til begrepet kjendis. Ut frå det ho seier, kan ein tolke at ho: ikkje er nådelaus mot dei som er kjendis fordi dei faktisk gjer og kan noko. Det vil vel då seie alle som driv med ei eller anna form for kulturformidling (musikarar, skodespelarara etc) idrettsfolk, politikarar og andre folk som er mykje i media på grunn av yrket sitt. Det er ikkje dei ho trillar terning på antrekka til.

Kven er då desse andre. Kjendisane som er i media fordi dei kun byggjer sin kjendisstatus på å vere kjendis. Er det avdanka realitystjerner ho snakker om? Petter Pilgaard og Charter-Svein? Folk som er kjente, men som eigentleg ikkje har nokon grunn til å vere det?

Vegen synast kort til oss andre.Vi som ikkje er kjente  - fordi vi heller ikkje eigentleg har nokon grunn til å vere det.

Reint politisk er eg heilt samd med kulturministeren, som stilte i skisko på gallamiddag (ho hadde andre sko ho gjekk med inne på middagen, dette var eit lite fråspark til terningkasta kvinner får på antrekket dei har på seg på slike middagar) Eg kan bli djupt provosert at av kvinner alltid er venta å ha ein tilleggsfunksjon som pynt. Du kan vere så flink du berre vil til å synge/skrive/danse/gå på ski/drive med politikk. Men om du ikkje dekorerer godt nok, så må du rekne med at det trekk ned. Det er ikkje slik for menn. Menn kan vere flinke til noko, og så blir det sett og vurdert ut frå det. Kvinner skal ta seg ut.

Her om dagen var eg bak scena på Oslo Fashion Week. Der sprang det rundt ein haug med tynne halvnakne ungjenter. Dei vakla rundt på for høge helar som somme sleit med å gå på. Men kleda hang fint på dei, det skal dei ha.

Dei var langt frå å bli behandla som stjerner. Kroppane deira vart behandla som dei utstillingsdokkene dei fungerte som. Dei vart sminka, og styla. Kleda vart dratt av og på. Så vart dei jaga ut på scena der dei gjekk fram og tilbake, og så var det nytt klesskifte. I eit rom  med 80 - 90 menneske av begge kjønn var det ingen som tok hensyn til eventuell bluferdigheit. Kjolen vart dratt av så jentene stod der med blotta puppar, før neste kjole vart tredd på. Etter visninga vart jentene losa ut gjennom ein eigen inngang. Dei var ikkje velkomne på mottakinga der gjestane som hadde vore i salen var. Ingen kanapear til modellane. Kleshengarane var berre nyttige så lenge dei kunne ha klede på seg. Etterpå var dei uinteressante og i vegen.

Det er vanskeleg å skjøne kva som er så attraktivt med modellyrket. Som mor tenker eg at det er nokre få jobbar eg ikkje hadde likt om døtrene mine fekk. Eg håper dei har fleire ambisjonar for seg sjølv enn å vere flinke til å sjå fine ut på bilete. (Eller som i tilfelle glamour-modellar: vere flinke til å sjå fine OG dumme ut på bilete.) Eg blir skremt av alle bloggane som handlar om dagens outfit og "sjå kor flink eg er til å teikne på meg augebryn". Kven er det som har fortalt desse jentene at om dei ikkje har kjøpt det avklipte håret til fattige jenter i India (ja, det er det extensions er) og kan sette den rette trutmunnen, så er dei ikkje verdt nok? Heldigvis finst det mange andre der ute, jenter (og gutar) som tør å meine og ta plass.

Sånn.. det var dagens vesle utbrot.

1 kommentar:

Home sweet home sa...

Veldig bra innlegg,er så enig med deg:)

Merethe