onsdag 11. januar 2012

Dette er ein tekst for å hylle mannen

Den norske mannen. Han som eg er gift med, har som son, steson, bror, svoger, kollega, venn.
Han som eg møter på butikken, medan han til dømes handlar melk, dopapir og bleier til familien sin. Han som jobbar på kontoret ved sidan av mitt, eller som eg pendlar saman med. Han som syklar forbi huset mitt på laurdag formiddag. Han som er homo eller hetero, singel eller i eit forhold, far eller barnlaus. Den vanlege norske mannen i alle sine roller. Fordi han er som han er.


Fordi han generelt sett ikkje er valdtektsforbrytar som venter i mørkret på kvinner som han kan utøve vald mot, med seksualiteten sin som våpen. Fordi det er ein tankegong og ei verd som er framand for han. Fordi han er ein moderne, norsk mann, med alt det inneber.

Eg vil hylle alle dei fantastiske mennene som eg kjenner og ikkje kjenner. Spydspissen av det maskuline, som faktisk på verdsbasis legg lista for korleis ein mann skal vere. 
Eg vil hylle han fordi han er omsorgsfull, han er svært humoristisk, han tar sin del av det som skal gjerast heime, og han oppdrar borna sine. Han inkluderer dei, tilbringer tid saman med dei og trenea fotballaget deira. På fredagskvelden så lagar han gjerne taco til familien sin. Eller kanskje han blir servert taco. Eller kanskje han er ute saman med kompisar. Han ser fotball, har mykje humor, og reiser på gutteturar. Han syklar kanskje Birken, og har brukt vel mykje pengar på sykkelutstyr dei siste åra. Han går på foreldremøter, tar ut pappaperm, og om han og mammaen til borna går frå kvarandre så vil han helst ha dei så mykje som råd.

Han er smart og opptatt av jobben sin. Men han er også opptatt av å pleie vennskap. Han har respekt for andre menneske, og han er hjelpsom. Både overfor svigermor og overfor kompisen. Han er vennleg mot andre menneske. Og behandlar dei som likeverdige. Også i seksuelle relasjonar. Han er innom stova når kona har venninnebesøk, og fleiper litt med damene. Han bruker humor for å vise andre menneske at han synes dei er ok. Han skulle gjerne hatt meir tid til å gå på konsertar og slikt. Og han sovnar gjerne på sofaen på fredagskvelden. Han sit mykje på PC, og han setter inn i oppvaskmaskina når det trengs. Han har ofte ein treåring liggande i midten i senga om natta. Han er ikkje så praktisk som generasjonane før han, men han har langt større breidde i kva han kan.

Han ser på kjærasten sin som sin beste venn. Han deler av hjartet sitt og ser på henne, eller han, som eit verdifullt individ. Dei snakkar saman om bekymringane han har. Både om jobb, om ungar og om menneske i livet deira. Han veit at det er situasjonar i livet der han trengs meir enn andre gonger. Og då er han der. Med omsorg. Han er med på fødslane når ungane hans blir fødde, og han les til dei på sengekanten. Han tar dei med på fisketur, og han køyrer dei til vener og aktiviteter. Når skulen har juleavslutning sit han i salen og smiler til sonen sin som er hyrde. Han beisar terrassen og har huslege prosjekt. Han er på PCen og han tar med seg jobb heim. Han skifter på senga når seksåringen har sove tungt og hatt eit uhell, eller er omgangssjuk og kastar opp.

Han stemmer når det er valg. Og han les Pondus. Han har dårlig samvit for alt han ikkje rekk. Og han føler på tidsklemma. Han skulle gjerne vore flinkare til somme ting. Han elskar med kjærasten sin. Og synest kvinner er vakre. Han veit kva som er ”tannferaten”når sjuåringen har mista ei tann. Han ryddar hus før det kjem gjestar, og klipper hekken. Han gir kkjærasten gode råd om ting ho eller han tenker på. Om jobb eller vener eller borna eller bilen. Han lappar sykkeldekk. Han triller barnevogn. Han lar av og til våte handkle ligge att på badegolvet, sjølv om han veit at partneren kjem til å plukke det opp. Han snakkar ikkje gjerne om følelsar, men han gjer det om han må. Han er samfunnsengasjert. Og internasjonal.
Slik er den norske mannen.

Han slår ikkje. Han brukar ikkje vald. Han voldtar ikkje, og han undertrykkjer ikkje andre menneske.

Men det er altså ikkje det som gjer han til eit meisterstykke.

2 kommentarer:

Lars Erik sa...

Fine bloggposten :) Nå skal jeg lese ferdig Pondusbladet som kom i posten i dag. Her jeg sitter jeg pappapermitert i en varm og god stue med fyr i peisen sammen med min kjære og tre små gutter som sover søtt på loftet. Du får hilse så mye til den norske mannen din :)

Pernille sa...

Takk for en varm og fin tekst!