mandag 24. juni 2013

Eg kjenner meg plaga…


Ikkje så sterkt som om nokon har kutta av meg arma eller noko slikt.
Meir som eit myggstikk, som klør litt i ny og ne.

Eg er klar over at vi er litt ferdige med å snakke om romfolk no. Vi har på ein måte vent oss til dei. Det er nok ikkje dei som vil prege debatten i mediebiletet i sommar.

Men likevel plagar dei meg. Litt. Og eg får svart samvit på grunn av det.
Eller kanskje det er det svarte samvitet som plagar meg. Kven veit.
Det er ikkje så lett å kjenne forskjell igrunn.

Eg er eit samfunnsengasjert, oppegåande menneske i det rikaste landet i verda.
Eg kan krysse av dei store tinga på lista over kor vellukka eg er. Eg har hus, familie, jobb, venner, god helse. Eg har det godt. Eg treng ikkje uroe meg for morgondagen.
Eg veit allereide no at etter alle solemerker vil eg vakne opp i senga mi av alarmen på i-phonen i morgon og. Og morgondagen vil bli om lag som denne.
Skulle eg ha kasta terning over livet mitt akkurat no måtte det ha blitt ein stad mellom 4 og 5. Avhengig av veret.

Det er dette som kallast å ha vunne i det store lotteriet. Vi nordmenn gjorde det den dagen vi trakk ned erkenorsk luft i lungene før vi støytte ut det første skriket på fødestua

Som ein konsekvens av dette har eg det generelt sett bra. Og eg er vant til det. Det er sjølve definisjonen på å vere norsk. ”vi er vane med å ha det bra”.

Men ein konsekvens av det igjen er at vi blir litt plaga av å sjå andre si elendigheit.

Her i Norge har vi drive med sosialdemokrati rimelig lenge, og det har medført at vi har brukt rikdomen vår til å skape denne tryggheita som kjem oss alle til gode. Vi er alle meir eller mindre rike i betydninga ”har heim/jobb/høve til å stole på morgondagen”.
Ulempa med det er at vi ikkje er vane med at det er ei underklasse som ikkje er som oss. Som har det verre. Ikkje hus, ikkje jobb og med ein usikker morgondag.
Og det er litt vanskeleg for oss å vite karleis vi skal forholde oss til. Vi får ei lita identitetskrise.

Og då handterer vi det som dei rikfolka vi er.
Vi blir mest opptatt av korleis dette får oss til å føle oss, og ender opp med å debattere med kvarandre om dei etiske perspektiva av rike folks forhold til fattigdom.
”Er det rett av meg å gi pengar til dei fattige”.
Og på den måten engasjerer vi oss, trur vi. Sjølv om vi strengt tatt ikkje gjer noko som helst.
Det verkar som om vi trur at det viktigaste er kva som skjer inne i hovuda våre. Kva vi føler om dette.
Vi trur liksom at det å engasjere seg følelsesmessig, er det same som å gjere noko.
Kanskje vi skal kaste ein brannfakkel inn i denne sjelegranskinga vi er så flinke til: Er det kanskje slik at vi ikkje vil gjere noko, vi vil berre ha vårt på det tørre, ha meiningane i orden. Gir vi blaffen i om nokon svelt i hel så lenge vi i teorien unner dei maten?

Det er dette som gneg og plagar. Det er difor desse tiggarane opplevest som eit plagsomt myggstikk. Dei flyttar tankane mine over frå den bekymringslause kvardagen min til sjelegransking og usikkerheit.

For la det vere sagt: Dei plagar meg ikkje direkte. Sjeldan har eg sett og møtt folk som er mindre plagsomme. Dei sit eller står på gatene rundt om og ber om pengar med eit stort smil og med eit bedande ”please”.

Eg har endå til gode å oppleve aggressive romfolk som får meg til å krysse gata. Slike opplevelsar har eg hatt med rusavhengige som har vore tydeleg rusa, og har framstått aggressive på grunn av det. Romfolket gir meg store smil, og eit blidt ”good morning”. Dei kyssar meg på handa om eg helsar, og gjer sitt aller beste for å vere hyggelige.
Om eg kryssar gata er det fordi dei er for vennlege. Det er ikkje plaging i den konkrete betydninga av ordet.

Dei plagar meg gjennom å vere her og gjennom at eg må forhalde meg til dei. Og litt ved at dei plasserer meg i ei overklasse der eg ikkje trivast. Eg meiner jo at alle er like mykje verdt. Så eg likar ikkje når nokon kyssar handa mi, og behandlar meg som overklasse.

For å seie det som det er så plagar eg meg ved at dei er her. Det at dei er her, gjer at eg tenkjer tankar som eg skammar meg over å tenkje. Dei forstyrrar kvardagen min. Og før eg i det heile tatt kan meine noko må eg tenkje over kvifor eg meiner det. For eg vil jo ikkje tråkke feil og ende opp med å ha dårlege verdiar.
Og alle desse tankane, og all denne usikkerheita over om eg er eit godt menneske eller ikkje, er igrunn plagsom. Det klør.


Så kva er då mine argument i dei akademiske samtalane om rom-problemet.
Kva meiner egeigentleg:

Eg forstår at det er romfolk i Noreg. Om ein tenkjer på Europa som ein storby, f.eks London, med rike og fattige område, så er Noreg Belgravia. Sjølvaste kaksestrøket. Det er ikkje rart om tiggerar kjem hit. Det er her pengane er. Og om grunnen til at eg kjenner meg ørlite plaga er at eg ikkje liker at desse fattige menneska kjem til min fine bydel, der slike som meg huserar, og helst vil sleppe å forhalde oss til at resten av verda ikkje har det som oss. Ja då kan eg godt gå i skammekroken. Og laste ned korrespondentbrevet som podcast.

Men eg kjenner at det som plagar meg mest er ressursbruken. At verda ”har råd til” at unge og tilsynelatande friske menneske, som har det same utgangspunket evnemessig som dei fleste andre av oss, brukar livet sitt til å sitte utanfor ein t-banestasjon med handa retta ut.

Slik vil eg ikkje ha det. Eg vil at menneske skal få brukt dei evnene dei har. Få vere med i samfunnet og dra lasset. Og når ting hindrar dette, så er det ein uting. Anten det er snakk om rus eller fattigdom eller geografi.

Men det som burde plage meg er all denne snakkinga, og navlegranskinga, og den manglande gjeringa. Eg har ikkje tal på kor mange samtalar om det etiske aspektet av Rom-debatten eg har hatt dei siste åra. (Og eg er klar over at dette blogginnlegget i så måte føyer seg inn i rekka.) Hadde eg gitt ein tiar til ei tiggar for kvar gong eg hadde stilt meg sjølv spørsmålet ”skal eg gi eller ikkje” så hadde eg vore litt fattigare, utan at det eigentleg hadde hatt noko å seie i kvardagen.
Men kanskje hadde det lært meg at det eg burde skamme meg over er det at eg stadig vekk får dette til å handle om meg. Mine sjelekvaler i forhold til menneske som har det verre enn meg. ”Korleis er det etisk rett av meg å forhalde meg til fattigdom”.
Dette er ikkja anna enn rikmannstankar i ei rikmannsverd. Etiske sjelekvaler om fattigdom hadde dei nok også i tesalongane i dei finare London-strøka. Og debattane vart nok trigga av at dei observerte fattige tiggarungar springe skolause i gatene utanfor.

Det er, då som no, feil bruk av ressursar.
Om eg, og du, skal halde på slik, ødslar vi vekk våre ressursar og. Vi som faktisk kan gjere noko.

Så dermed har eg tenkt å slutte med denne pratinga.

Eg veit om dyktige folk som snakkar om dette, og der praten blir nytta til å utrette noko. Dei kallast politikarar og gjer ein viktig jobb.

Men eg veit og om dyktige folk som jobbar med dette. Som sjekkar at pengar eg gir blir brukt på best mogeleg måte. Dei kallast hjelpeorganisasjonar.

I dette tilfellet tenkjer eg på Frelsesarmeen.
Som er gode rollemodellar for meg. Dei sørger for mat og hygiene. Utan spørsmål.

Det er det eg og burde gjere.

Kontonummeret er 3000.15.07350
Eg setter opp ei automatisk overføring "as I speak."
Frå meg blir det 200 kroner i månaden
.


2 kommentarer:

Unknown sa...

Rart at dette flotte innlegget ikke har kommentarer . Jeg prøver meg på en kortversjonen.
Kjenner også at jeg burde ha dårlig samvittighet for ikke å ha mere medfølelse for disse. Men etter å ha sett den svineatia / søppelhaugen og skrotet som ligger tilbake på de offentlige rasteplassene mellom vestby og Oslo i månedsvis så kjenner jeg at Ærlig talt. Uansett nød og fattigdom så .....
Og ja Frelsearmeen gjør ett fantastisk arbeid! Jeg velger å gi til dem ikke KUN når julegryte er fremme ! Stå på Fresearmeen !
Og tilslutt: heller tigging med kopp enn " lyd på ett instrument man ikke behersker" .
At det er synd på dem , og andre minoriteter ja det kan jeg forstå, men allikevel.....,

Unknown sa...

" rettskrivningen"f ...men etter å ha sett den svinestia"osv