mandag 5. august 2013

Om hundre år skal alt kome for dagen - del II

Etter å ha funne ut ein del om oldefar og livet hans etter at han reiste frå Kvikne i Nord-Fron, hadde eg lyst til å prøve meg på det andre "mysteriet" i slekta.

Kor vart det av familien til oldefar-Ole  i Nord-Fron?

Far hadde prøvd å finne det ut, men det einaste vi visste var at muntlege kjelder som sa at brørne som hadde reist til USA henta over foreldra og søskena som var att i Kvikne. Men var dette rett? Og kvar vart dei av i USA? Korleis vart livet der borte?

Kva visste eg
For å oppsummere litt kva eg visste før eg starta arbeidet med å finne ut meir. I 1870 bestod familien på husmannsplassen Lyshaugen i Nord-Fron av ni personar.
Foreldra Rønnaug og Jakob var begge frå Nord-Fron, og dei budde på husmannsplassen der Rønnaug hadde vakse opp. Husmannsplassen låg under storgarden Harildstad, og det har blitt fortalt at det var så bratt der at Rønnaug måtte tjore fast dei minste barna så dei ikkje skulle skade seg.

Livet som husmenn var ikkje enkelt.Det var stor forskjell på livet på storgarden Harildstad (bildet) og livet på husmannsplassane som låg under garden. Her er ei husmannskontrakt frå ein annan husmannsplass tilhøyrande Harildstad i omlag same tidsperioden. Ein husmann kunne bo på garden i heile si levetid, så lenge han overheldt forpliktelsane sine. Men det var eit liv i fattigdom. På sida Husmenn i Oppland har har husmenn frå Kvikne fortalt om korleis livet var. Iver Syverstuen fortel om fattigdom, men at dei gjorde så godt dei kunne med det dei hadde. Han fortel at dei hadde så lite klede at dei til tider sov nakne for å spare på kleda, og om born som måtte ut i teneste allereide i åtteårsalderen. Johan Smikop fortel om eit liknande liv der dei sov opp til tre menneske i kvar seng. Det er lett å sjå at dette er fattigdom. Dei hadde lite, og kunne heller ikkje stole på at dei fekk behandle det dei hadde. Om ei kone vart enke var det ikkje sikkert ho fekk fortsette å bu på husmannsplassen. Om ho ikkje kunne bu hos eit av borna sine, måtte ho kanskje på fattigkassa. Desse historiene er mest sannsynleg temmeleg likt slik livet var på Lyshaugen også.

Familien på Lyshaugen
Rønnaug og Jakob hadde sju born.
  • Amund fødd i 1848
  • Ole fødd i 1852
  • Ole (Ola) fødd i 1854 (oldefar)
  • Mathias fødd i 1857
  • Kristian fødd i 1860
  • Ingeborg fødd i 1863
  • Johannes fødd i 1866
Amund reiste til Flakstad i Lofoten i 1873 og etablerte seg der. Han har stor etterslekt, og han er så langt den einaste av søskena eg har sett eit bilete av. (Biletet er av han) 

Ole (1852) emigrerte til USA med Eau Claire i Wisconsin som reisemål i 1873.

Mathias emigrerte i 1880 og oppgav New Richmond Wisconsin som sitt reisemål.

Oldefar Ole (Ola) etablerte seg etterkvart på Skodje på Sunnmøre, der han gifta seg og har stor etterslekt.

Det var det eg visste frå før.
Med unntak av avstikkaren oldefar Ole hadde til Oppdal (omtalt i forrige bloggpost om temaet) er dette også ting som har vore kjent sidan slutten på syttitalet då far min leita etter det same. Faktisk så har eg i min gjennomgang av kyrkjebøkene etc i Kvikne funne kryss i margen på ein av stadane der Lyshaugen er nemnt.

Eg er viss på at det er gjort av far min, eller av nokon som leita for han den gongen han heldt på med dette.

Mysteriet (det blir litt ekstra spennande om ein kallar det det) har vore kor det vart av resten av familien.
I folketellingane i 1875 finn vi både foreldra, og borna. På Lyshaugen er foreldra, og sonane Mattias og Johannes, medan Kristian og Ingeborg er i teneste på storgarden Åsmunstad Søndre. Ingeborg er på dette tidspunktet berre 12 år gamal, men ho er allereide ute i arbeid.
Ved neste folketelling, i 1885 er ingen av familien i Kvikne.

Eg søkte først i kyrkjebøker over døde og utflytta i håp om å finne dei der. Og der gjorde eg også eit sørgeleg funn. I 1884 finner eg sonen Kristian i oversikta over dei som er døde. Han ser ut til å ha vore i teneste på gården Maurstad, og har blitt sjuk av gikt. (Giktfeber?). Det står merka av at det har vore henta lege til han, men han dør likevel, berre 24 år gamal. han står mogså merka av som fattiglem. Dette kan vere for at det offentlege skal ta seg av gravferda hans. Betyr det at han er heilt åleine? At resten av familien hans allereide er vekke?

Dei andre finn eg ikkje nokon plass i kyrkjebøkene, men oversikta over dei utflytta frå kommunen seier likevel sitt. Kyrkjebøkene er tettskrevne med bitte små bokstavar for å få plass til namna til alle som flytta. Dei fleste har sagt at dei skal til Amerika. Det seier sitt om livet dei reiste frå. Når menneske som har budd heile sitt liv så langt frå havet som det er råd å kome i Noreg, vel å bryte opp frå alt kjent for å reise med skip til eit nytt og framandt land, seier det sitt om kor lite og utrygt det dei hadde var. Kva som enn kom så kunne det berre bli betre.
Dette styrker på eit vis opplysningene om at også mine tippoldeforeldre og borna deira reiste vestover.

Eg har allereide søkt gjennom Emigrantlistene/skipslistene som er tilgjengelige på Digitalarkivet utan å finne nokon eg kan vere sikre på er denne familien. Det er mange som reiser, dei har vanlege navn, og etterettelegheita med årstall etc er så som så. Det er heller ikkje slik at det finst ei fullstendig ovrsikt over alle som reiste, og eg veit ikkje sikkert kva havn dei reiste frå. Eg finn dei heller ikke i amerikanske lister over nordmenn som immigrerte til USA.

Men så får eg en ide. Da Ole reiste over oppgav han at han Eau Claire i Wisconsin som mål for sin reise. Men Mathias oppgav derimot New Richmond i Wisconsin. Ole var den første av familien som reiste, og hadde ikkje nokon av sine der frå før. Men når Mathias reiser i 1880 har han ei bror som har budd i USA i sju år. Er det ikkje då sannsynleg at han oppgav Ole si adresse som sitt reisemål. Og kanskje gjorde dei andre det same då dei skulle reise? Og endeleg!! Eit søk i Skipslistene på alle som har reist frå Nord-Fron med New Richmond som reisemål, gjev godt resultat. Der poppar dei opp. Dei har fått feil alder og alle har fått Jakob sitt mellomnamn Amundsen som etternamn, men samanstillinga av navn levnar likevel liten tvil. Dette må vere dei.
Ingeborg reiste åleine i 1882, og foreldra og Johannes reiste året etter.
Kanskje var planen at Kristian skulle kome og, men så døydde han før han rakk å kome?

Ein milepel er nådd. No veit eg at dei reiste, og eg veit omlag kor dei reiste til.
Neste steg på vegen er å finne ut av korleis ein finn tak i slike opplysningar i USA. Men flinke folk har gjort slikt før meg, og med gode tips om nokre amerikanske søkesider er eg klar for neste steg.

Draumen om Amerika
Eg har fått tips om å bruke ei amerikansk nettside som heiter familysearch.com. Her kan ein søke på folketellingar, jordkifte og liknande. Eg søker på folketellinger i Wisconsin i USA, og søker på Ole Jacobson. Og det tar ikkje mange tastetrykk før eg finn dei.
Heile familien dukkar opp i Alden i Polk County i Wisconsin.
I folketellingene ser ein at dei, som mange andre norsk-amerikanarar etter kvart endrar namn.
Dei tok etternamnet Jacobson, og "amerikaniserte" også fornamna sine. Rønnaug kalte seg Rena, Matthias blei Matt, Johannes blei John, og Ingeborg kalte seg Bella. De fire søsknene som etablerte seg i USA busette seg ganske nært kvarandre. Ole og broren John kjøpte seg eigedomar som låg inntil kvarandre. Og Matt bodde hos John hele livet. Søstra Ingeborg/Belle busette seg litt lengre unna, men alle bodde i det norsk-amerikanske området i Wisconsin på grensa mot Minnesota.

Rønnaug og Jakob
Rønnaug tok navnet Rena, og budde saman med sonen Ole på garden hans fram til ho døydde av bronkitt, heime hos seg sjølv i 1906.

Mannen Jakob er ikke nemnt nokon stad sidan båtreisa over i 1883. Jakob er heller ikke gravlagt på samme staden som kona si. Kanskje døydde han før dei rakk å kome frem?

Nettstaden Findagrave.com har bilde av gravsteinen og avisomtalen av dødsfallet til tippoldemor Rønnaug. (vanleg i USA).

Eg må seie at det kjennest litt merkeleg å sjå gravsteinen til tippoldemor, som vi ikkje visste kor vart av. Her ligg ho. På ein kyrkjegard i Wisconsin, der også fleire av etterkomarane hennar er gravlagt.

Ole
Ole budde saman med mor si fram til ho døydde, og gifta seg ikkje før han var over 50 år gamal. Då gifta han seg med Mathilda som var 30 år yngre, og dei fekk tre born saman. Betty Julia, Rena Jacobia og Henry. Ole dør i 1915. Kona hans giftar seg på nytt, men får ikkje fleire born. Ho blir gravlagt saman med Ole. (Bilde av gravstein)
  • Henry var i luftvåpenet under andre verdskrigen, eg har så langt ikkje funne ut om han fekk familie, men mykje tyder på at han ikkje gjorde det.  
  • Rena Jacobia døydde av tuberkulose som 19 åring (bilde av minneord).
  • Betty Julia gifta seg med Clarence Olsson og fekk familie. (bilde) 
     
    Ho har barn, barnebarn og tippoldebarn etter seg. Eg har kome i kontakt med nokre av desse.


John gifta seg med Rachel (som også var Norsk og eigentleg heitte Ragnhild). Dei får 5 born.
  • Ruth Celia,
  • Hazel J,
  • Gertie,
  • Orville
  • Russel
Eg leitar etter etterkommarane deira. Det eg veit er at Hazel, som eg trur var ugift, levde til ho vart 100 år. Ho døydde først i 1998.

Matt budde saman med John og familien hans. Eg trur ikkje han gifta seg eller fekk born. (Bilde av gravstein)

Ingeborg/Bella gifta seg med ein James Shannon, og dei busette seg i byen Superior.
Dei fekk ein son Ray (evt Roy) William.

Roy William
  • Han gifta seg med Vera, og de fekk ei dotter Marcella. Eg prøver å finne ut meir om desse også.
 Kva no... det er vel berre å prøve å finne ut meir.

Ingen kommentarer: