torsdag 25. januar 2018

Gryteklutbonanza

Denne er dobbel, med ein tett sirkel bak, og eit slags
blomdemønster framom. Hekla etter eit mønster frå Drops 
Her i sommar tenkte eg at eg ville lære meg å hekle. Og at gryteklutar kanskje var måten å gjere det på.
Eg har veldig sansen for gryteklutar. Faktisk har eg etterkvart i dette prosjektet nesten fått litt hang up på desse små lappane...
Kva er det eg likar...
  • Dei er anvendelege, alle treng dei og dei er fine gåver.
  • Dei kan lagast i alle slags teknikkar. 
  • Dei pedagogisk tilpassa oss som ikkje tar alt like lett. Du lagar først ein der du lærer, også lagar du ein etterpå der du repeterer det du har lært. (Gull!).
  • Og ikkje minst at dei er tradisjonsrike. Eg har gryteklutar som er lagd av bestemødrene mine og av tanter. Og prøver av og til å kopiere... 
  • For meg som kan ha litt kort konsentrasjonsevne er det dessutan ein fordelt at dei er relativt kjappe å lage...

Dobbelhekling. Altså at ein heklar to sider samtidig
 og inn i kvarandre. Tar lang tid.
Her er eit utvalg av kreasjonane sidan sommaren. Ein del vart gitt bort som julegåver. Somme er framleis single... (det kan skje den beste - desse kjem til å få ein partnar snart)
Somme er etter mønster, medan andre er av eigen kreasjon...

Som med somme andre prosjekt eg startar på går eg litt "all in", og organiserer meg inn i det. Så no har eg funne mengder oppskrifter på nett, og satt dei saman i eit hefte fordelt etter kategoriar.

Grytekluten til venstre her (er ikkje den same som den runde over) er hekla i ein litt spesiell teknikk der ein heklar framside og bakside samtidig, og at dei blir hekla inn i kvarandre. Blir veldig tjukke og fine, men tar litt lang tid. Mulig den ender opp åleine som gryteunderlag.



Desse "blomane" her har eg laga fleire av.
Begge desse para vart gitt bort i julegåver til gode venninner. Trur eg må lage eit par til til meg sjølv og.  Dei under var faktisk det første skikkelige hekleprosjektet eg prøvde meg på.

Og det vart såpass bra at eg fekk litt blod på tann.
:)
Oppskrifta fann eg på denne bloggen her 



Uglegryteklutane under er eg litt kry av, for dei har eg på ein måte "designa heilt sjølv. Det må seiast at det var ikkje så vanskeleg akkurat...
Og eigentleg så har eg vel mest "sampla". Eg har tatt delrar av andre sitt og satt det saman til ei heilheit
Eg hekla først ein sirkel.
Det høyrest enkelt ut, men det måtte lærast. Det finst ein formel for alt.. også korleis ein heklar ein sirkel slik at den hverken blir for stram (og blir til ei skål) eller for slakk (og blir bølgete.)
Heldigvis har det gått flinke folk før meg også på heklefeltet. (Ikkje minst på hekøefeltet)

Og Olava har oppskrifta på dette og...  

Eg tenkte at om ein heklar ein sirkel så kan det puttast kva som helst på den for å dekorere...

Ugla på grein er eigentleg eit bokmerke... og oppskrifta finn du her som gratis ravelry-nedlasting.


Den er på engelsk, men det var igrunn greit å lære seg "fagspråket" på engelsk og.

Då blir plutseleg tilfanget av oppskrifter veldig mykje større.

Under ligg litt fleire av gryteklutane eg har laga så langt....


Ganske nøgd med denne, men litt usikker på kanten rundt

Dobbel gammeldags gryteklut, gitt bort i julegåve til god venninne


Denne har snart fått maken sin ferdig. Likar fargane. Dei minner meg nokre gryteklutar eg har etter bestemor mi ... 
Hekla i vaffelmønster. Gir veldig tjukke og gode gryteklutar... (og lagd til venninne som ikkje likar tynne pyntegryteklutar) Vaffelhekling er artig, men eg synest det kan vere litt vanskeleg å få fine kantar...





Ingen kommentarer: