mandag 23. juni 2008

Olav, Ingebrigt og eg

(Reprise fra november 2007 - Bokbåten ble for øvrig redda, og eg meiner framleis at bøker og kjendisar er eit genialt konsept. ) Det finst store saker her i verda, og det finst små saker. Og somme gonger er det små saker som er store saker. Det er ei lita sak med store følgjer når politikarane i Hordaland no trugar med å legge ned bokbåten. Det må vi få stogga!! Bokbåten Epos er ein viktig del av ein oppvekst på kysten av Noreg. Ikkje berre for dei av oss som las ut dei lokale biblioteka våre, og lengta etter andeleg påfyll. Men også fordi bokbåten er så mykje, mykje meir enn eit flytande bibliotek.
Bokbåten handlar om at verda kjem til deg. Uansett kvar du bur. Og slikt er det ikkje mykje av i norske grender. Om ein til dømes vaks opp på ei omflødd øy på sunnmørskysten på åttitalet ein gong, så var det ikkje så mykje som skjedde der du budde. Det var korps, og det var ferjeturane der ein om ein var heldig kunne få ein glimt av ein pen fyr frå naboøya. Men vi hadde det bra, vi hadde vårt område, og vi hadde det igrunn kult. Det var berre så eitrande irriterande at ingen andre såg kor fint vi hadde det. Alle andre meinte tydelegvis at øya vår var ein avkrok og at vi burde ønske oss derifrå.
Og somme gonger, til dømes når vi såg den årlege sendinga av showet på Momarken, der blonde jenter med permanent og oppbretta 501 stod fremst ved scena når Sandra Kim sang, Ja då tenkte vi mørke tankar vi og. Ikkje berre om heimstaden vår som låg så langt vekke frå der ting skjedde. Men vi tenkte mørke tankar om at dei blonde austlendingane for i faen meg hadde gullhår i ræva. Dei hadde Sandra Kim og kom på tv. Når såg vi eit fjernsynskamera? Når var det nokon som filma oss medan vi dansa i 501-buksene våre med permanent. Ikkje ein steikje gong faktisk. Vi gjekk rundt der på åttitalet, og såg ut som dei andre, vi høyrde den same musikken, og vi såg dei same programma på fjernsynet. Men det var ingen som såg oss. Vi høyrde liksom ikkje med.
Men to gongar i året kom verda til ferjeleiet vårt. For to gongar i året kom bokbåten gliande inn. Og med seg hadde den så mykje meir enn uleste bøker. Den hadde kjendisar! I dag ville dei vel knapt kome med i noko kjendisleksikon, men vi var ikkje vekkskjemde. Vi tok dei kjendisane vi fekk, og vi gjorde jobben vår. Når bokbåten kom til øya stod vi der klare og hutra i slaps og snø, og far til Linda tok imot trossa, og veksla nokre ord med matrosane. "Han var ruskjen i dag ja”, sa han. Og matrosane brumma samd attende medan dei fekk lempa ut landgangen.
Også klatra vi om bord då. Til bøkene og kjendisane. Og vi gjekk der liksom og sitra og kjende oss synlege i 501-buksene våre og visste at Olav Stedje var om bord. Han var her, og vi var her. Og det var ikkje ei lyshåra Momarken-jente som skulle fram for å hjelpe vi tryllekunstnaren Rickardo med å få frå kvarandre ringane. Det var vi som sat der saman med ein kjendis. Vi og Rickardo, og Olav Stedje og Ingebrikt Davik. Vi og ingen andre. Det var vi, og det var her det skjedde.

1 kommentar:

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

Ej e hjertla enig, sjøl om de va lite 501 å permanent på mej på åttitalet...