onsdag 24. september 2008

Tilfeldig... neppe

Dette innlegget kjem truleg berre til å interessere meg i heile verda. Det er nemlig ikkje så veldig mange av oss som er blodfan av Billy Joel. Og ein må vel kanskje vere blodfan om ein skal interessere seg for kven Billy Joel er gift med til ei kvar tid. Sladder om folk ein ikkje veit kven er er liksom ikkje SÅ interessant-
Men altså... Billy Joel. Var først gift med ei som heitte Elizabeth, dei vart skilde og han gifta seg med supermodellen Christie Brinkley. (Som heitte Christie Lee Hudson før ho gifta seg) BJ har laga fleire songar til kona si... Mellom anna "Christie Lee" på An innocent man-plata og "Blond over blue" på River of Dreams-plata. Før dei skilde seg fekk BJ og Christie fekk ei dotter saman. (Alexa Ray Joel, som for øvrig også er musiker, og skitflink) For nokre år sidan fann den aldrande Billy seg ny dame, som han ganske så raskt gifta seg med. Og berre så det er sagt så braut han Pernilles hellige "Alder delt på to pluss sju" regel med nesten ti år. Katie Lee (Ja, ho heitte faktisk det før ho vart Katie Lee Joel) er fødd i 1981 og dermed er det ikkje mindre enn 32 år mellom dei. Men altså... er det berre eg som ser at den godaste Katie Lee og den godaste Christie Lee har eit par fellestrekk, utover namnet. Den yngste (Christie er faktisk dobbelt så gammal som Katie) ser ut som ei mørkhåra utgave av forrigekona. Same smilet, same hjarteforma ansiktet.. Hadde eg vore Katie så hadde eg vel vore litt bekymra... Eg hadde i allefall IKKJE bleika håret med det første.

Ingen kommentarer: