onsdag 18. mars 2009

"Artig" på "nynorsk"

Nei, no vil eg skrive litt nynorsk her.
Det er liksom litt ekstra godt å skrive på nynorsk. Då kan ein vere skikkeleg bitande ironisk på ein sånn Are Kalvø-aktig måte. Og det er alltid artig for eit ektefødd barn av ironigenerasjonen, (sjøl om det berre er Kalvø som er Kalvø. Og i dag gidd eg ikkje prøve ein gong.) Dessutan så har eg skifta språk til nynorsk på Facebook og det er så kjekt å fylle ut statuslinja der ein blir spurd om "kva har du på hjartet". For det er sanneleg så mangt.
Men det var ikkje det eg skulle skrive om i dag. (Dette blir liksom ein slik meta-tekst. Det var ikkje meininga.) Eg skulle skrive om artige måtar å snakke eller skrive feil. Sjuåringen min lærte seg nemleg å bruke hermeteikn her for i stund sidan. Altså sånn med fingrane... at ein liksom "vrikkar" med fingrane i lufta på kvar side av eit ord. Men sonen brukte ei lita stund på å lære seg korleis det skulle gjerast. Og det vart litt komisk når han brukte hermeteikna på feil ord og sa f.eks:
- du "mamma".... I dag fekk eg tips om denne artige sida, og måtte berre dele den. "Enjoy"

1 kommentar:

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

eha facebok på nynorsk? So "Arti"!Ej bruka firefox, å den he ej på nynorsk, de e kjempegøy.

Søket ditt, asfdøkkølas, gav ikkje tilslag for noko dokument.

Framlegg:

* Sjå etter at alle orda er stava rett.
* Prøv andre lykelord.
* Prøv meir ålmenne lykelord.

Jaja. 2 daga te Stortreff! De bli spennande. He aldri vør me på nåkke slikt før ej :-)

siri