
Eg tenner eit fyrlys for alle som elskar
for dei som ror i ring
og aldri finn same rytmen
for dei som berre lyder til signal
frå framande farty
for dei som støytte på grunn i medvind
for dei som styrer etter stive sjøkart
utan å ense måkars mjuke flog
for alle som kjenner dei sju hav
og aldri lodda djupa i sitt eige hjarta
eg tenner eit fyrlys
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt
- Åse-Marie Nesse,
frå samlinga "Av hav er du komen", 1970
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar