søndag 12. april 2009

Påska oppsummert

Det har jammen meg vore litt av ei påske. Vi har fått gjort alt, og mere til.
- Rebusløp på Fjørtofta. Vinnarinstinktet slo til, men vart slått av Markabø
- Rekefest med påfølgande dans
- AAfk-Lillestrøm
- Masse tid saman med bror, svigerinne, og nydelege tanteungar
- Ungane har bygd hytte, som er døpt "den gyldne hytta" - Vi har vore på tur ut i Neset
- Vi har hatt møte med banken og blitt einige om at det er kjempelurt at vi pussar opp badet
- Eg har vore på besøk hos Siri i Steinholen og helst på sjarmerande hund, og ikkje minst scrappa litt. Kjempetriveleg. Håper du har ein strålande tur til Edinburg, Siri!!! - Vi har vore på segltur til Finnøya saman med kremfolka Lillian og Reidar. Kjempeartig!!!!! - Vi har spelt scrabble på seglbåten på gjestebrygga på Fjørtofta
- Vi har spelt femkamp (kortspel) saman med Reidar og Lillian og Kenneth og Randi på seglbåten på gjestebrygga på Fjørtofta. Og då nytta vi høvet til å sende ei gratulerer med dagen-helsing via nattønsket (!!! retro-oppleving) til Ann-Karin og Harald Olaus. Og om dei ikkje høyrde det så får dei i allefall vite det no.
- Og vi har vore hos tante på kaffeslabberas to gonger. Ein gong med halve slekta, og ein gong med ei kvart slekt eller deromkring. Og eg er så glad for at Tante lager til slike treff. For det er så utruleg kjekt å treffast. Men så har eg ei fantastisk tante, og ei sto og triveleg slekt. - Og i dag fekk vi telefon om at gråpus (også kjend som Bella) har fått fem små. Kattungar altså.
"Sålangt", sa far til Jørgen som har katten inne på kattepensjonatet han driv. :-)
No sit eg på ferja igjen. (!!) På veg heimover mot Eidsvoll. Og om det fremdeles ligg snø i hagen blir eg altså litt sur. For her blomstrar påskeliljer, og det var faktisk 17 grader i går. Faktisk, faktisk altså!!!
Bildet er av Lillan og Alvilde på segltur. Til venstre (også kjend som babord, men i dette tilfellet er det snakk om styrbord, ettersom biletet er tatt bakover) ser du såvidt litt av Harøya. Vi er omtrent ut for Håvikmyrane, for spesielt interesserte.

4 kommentarer:

Nina sa...

Fem små??? Oi... Gleder meg til å hilse på dem :)

Anonym sa...

Oj,oj..He d vør helsing t mej på nattønsket??..Fikk ikkje med mej d ej..Må gi mej et hint om slikt,veit du;-)Tusen takk,regner med at det var nokre vel-valgte ord frå dej:):)

Anonym sa...

Glømte i forfjamselsen å skrive kven det var fra: ..Klem Ann

trineb sa...

Heisann!
Vel "heime" att, ser eg...
Kjekt å traffast i påska, trudde det skulle bli litt meir enn laurdagskvelden, men den gong ei (jmf bloggen vår :-(
Hadde alvorlege planar om å gi tilbod om ein tur over fjorden til oss, men det tilbodet får stå til ein annan gong det skulle passe.

Det ser ut som dokke har hatt eit fortreffeleg opphald på Sunnmøre, uansett... ;-)

Snakkast!