onsdag 22. juli 2009

På øya i havet

Veret er ikkje fantastisk, men resten er som vanleg fantastisk.
Eg trur ikkje det er å råd å vite korleis det er å kome frå ein plass på den måten eg gjer, om ein ikkje gjerdet. Det er ein heim, på same måten som forelda dine er det. På same måten som huset ditt er det. Ein stad der du alltid vil høyre til. I går var eg på kyrkjegarden. Og der traff eg som vanleg kjentfolk. Både levande og døde. Ei vandring på kyrkjegarden er for meg ei vandring i minne. Om besteforeldre som er vekke, om sambygdingar som er vekke, men som eg har kjent, og somme av dei har eg verkeleg sett pris på. Og medan eg er der traff eg også ein annan sambygding som er fire-fem år eldre enn meg. Og etter å ha snakka litt skildest vi med orda "det var kjekt å treffast". Sånn er Fjørtofta for meg. Det er folk eg kjenner og har historie saman med. Både dei som er der i dag og dei som har vore der. Og det er lang historie bakover. Ikkje berre mi historie, men historia til generasjonar før meg. I går såg eg gravene til onklane mine, besteforelda mine, oldeforeldra mine og faktisk til tipp-tipp-oldemor mi som heitte Lorentse og vart 101 år gamal. Alle saman kviler i jorda utanfor den kyrkja dereg vart døpt, konfirmert og gifte meg.
Sånn er det å høyre til ei stad. Eg trur ikkje det finnest eller vil finnest nokon stad eg kjem til å føle meg meir heime enn på Fjørtofta. Biletet er forresten tatt av Eldar Fjørtoft og er på ein CD ein kan kjøpe på Handelslaget.

3 kommentarer:

Tonje F sa...

*trykkar på "lik-dette"-knappen*

Anja Holt sa...

Jeg får samme følelsen når jeg kjører inn til Halden, selvom ikke det er like idyllisk. Synet av festningen gjør at jeg senker pulsen og er hjemme....

Trineb sa...

Håper du har kosa deg heime på øya. Eg skal ha meg ein tur i løpet av neste veke, satsar på bading i Otta-fjøra :-)
Håper dokke har hatt ei fin feiring i helga!