torsdag 26. november 2009

Mueller og sånn

Det finst ei rekkje ting ein bør halde seg vekke frå om ein ønsker å oppretthalde trua si på menneskeslekta.
Ein av dei viktigaste i dagens mulitimedielle samfunn er at ein for ein kvar pris bør la vere å lese kommentarar under artiklar på nettsider. Stader der folk i full anonymitet kan seie kva dei vil på dei stygagste måtar dei kan kome på. Det får meg nesten til å gå tilbake i trua på at alle menneske er like og over i ei verd der det faktisk finst ei underklasse. Ikkje ei økonomisk underklasse. Men at det kan synast som om det finst eit skarpt skille mellom dei som ikkje uttrykkjer seg anonymt i hetsande og hånlege ordelag om andre, og dei som gjer det.
Desse siste er dei som kommenterer artiklar på nettsider. Dei som f.eks hetsar Maren Haugli for at ho sa frå då trenaren hennar kom med svært grove utsagn til henne på ein "jobbmiddag". No er det liksom Haugli si skuld då, at Mueller fekk sparken?!!
Kva slags verd lev folk i som for det første:
1) Synes det er greit at ein godt vaksen skøytetrener kjem med høglytte upassande forslag til ein ung kvinneleg skøyteløpar som han er i eit tillitsforhold til. Ting som ho opplever som så støytande at ho vel å forlate rommet.
2) Synes at gullsjansane denne skøytetrenaren har med andre utøvarar er det viktigaste kriteriet for å avgjere om ein synes punkt 1 er greit eller ikkje.
3) Synes at denne skøytetrenaren berre kan gi blaffen i alle åtvaringar han har fått frå arbeidsgjevaren sin om det dei har opplevd som dårleg vurderingsevne i korleis ein behandlar folk ein jobbar saman med.
4) Synes at ein fleirogfemti-år gamal mann må unnskyldast og stakkarsleggjerast for å seie og gjere dumme ting. Medan dei unge jentene som blir "hersa med" i tillegg skal ha ansvaret for å legge lokk på situasjonar som oppstår på grunn av ein vaksen mann si åpenbart manglande dømmekraft.
Eg likar ikkje mekanismer som insinuerer at dei som er utsatt for noko, om det er stygt snakk, manipulering, hersketeknikkar som utfrysing og latterleggjering eller i verste fall overgrep - i tillegg skal ha ansvaret for at "dette må ingen få vite noko om". Og eg blir provosert når ein vaksen mann som åpenbart har gått solid over grensene til unge kvinner, konsekvent reagerer med å latterleggjere reaksjonen mot han. "Såpass må dei tåle", "Dei må ikkje vere så pripne", "dette er storm i eit vassglas". Kven er det som har sagt at det er han som skal bestemme kor grensa går for kva som er tålbart og kva som ikkje er det?!! Og tilhengjerane hans heng seg på og seier "det er berre sånn han er" "det er ein del av pakken-Mueller"
Det er ikkje hverken Maren Haugli eller skøyteforbundet som har ødelagt for Peter Mueller. Eller som har fjerna trenaren til Håvard Bøkko. Det er det faktisk Peter Mueller sjølv som har gjort. Han er ein vaksen mann som må ta ansvar for sine handlingar.
Stesonen min synes eg er sjokkerande opptatt av sport for tida. Eg er i grunn samd med han. Det varer ikkje lenge. Men det har si forklaring. Det skal eg skrive meir om i neste innlegg i bloggen. So stay tuned....
(Bildet er tatt av Terje Bendiksby og er sampla fra Wahington post)

3 kommentarer:

Lillian sa...

Kan ikkje sei mej meir enig! Men han he no sjøltilliten på topp den godeste Mueller, d skal han ha. Ka va d so egentla fekk han til å tru at han kan buse fram på dinna måten og verbalt vifte med tissen sin framfor ungjentå? Dvs ej mistenke nå egentla for å vere litt dum... Eller kanskje berre litt treig i oppfatninga. En ørandes liten "brain fart" må han ha hatt. Menn so misbruka rolla si og tillitsforhold på dinna måten provosera mej sterkt.

Svarte Katta sa...

Jeg tror nok saken er mye verre enn hva vi har fått nyss i. Antakelig har han trakassert jenter i måneder og år, før det nå rant over for skøyteforbundet.

Tonje F sa...

ja, nokre gonger, for eksempel viss eg kjem i skade for å lese sånne kommentarar, kjenner eg at eg er i ferd med å miste trua på menneskeheita (!) - trur eg treng litt ferie snart!!