fredag 12. februar 2010

Sjuk

Dette er det einaste eg kjem til å skrive om emnet. Det er nemlig få ting her i verda som er meir kjedeleg enn å høyre på sjukdomsprat. (Kanskje å høyre at folk fortel kva dei har drøymt om natta, eller lysbildeframvisning frå ferieturen til Gran Canaria) Eg blir faktisk lei av å lese meg sjølv skrive om at eg er sjuk. Så eg skal gjere det fort og gale: Hurra... familien er ramma av omgangssjuke. Og vi snakkar ekte vare. Her kjem det "begge veier", som ein seier om ein vil vere litt diskret omskrivande. (På mi dialekt vil ein seie at ein har "spysjuke og renneskjetå". Spesielt det siste er kanskje ikkje så diskret omskrivande, nei) Først Edvin i to dager, og så var det eg som tok over stafettpinnen. Og du verda. I dag innser eg at gårsdagen faktisk var ein slags døs. Eg var oppe i overflata nokre gonger, snakka i telefonen, henta born på skule og barnehage. (Etter å ha hatt ekstrem svangerskapskvalme og spydd i eit halvt år då eg var gravid med Alvilde, er eg relativt god på spying, det skal seiast. Eg kan kalkulere når det kjem med tett margin) Men størsteparten av dagen vart brukt i ein slags dvale. I går kveld sat eg på badegolvet i den sedvanlege døsen medan eg vurderte om eg kunne legge meg eller ikkje då mannen kjem inn, kastar eit blikk på meg og seier "du ser ut som om du er narkoman". I dag har Edvin vore heime frå skulen igjen. Det viste seg at magen hans ikkje heilt var i lage endå nei. Eg for min del sov til 12 (og korleis er det mogeleg når ein har sove mesteparten av gårsdagen) Dagens høgdepunkt har vore å dusje. Ufatteleg deilig, men no er eg heilt utslått igjen. Og magen rumlar som ein sånn vassdispenser som står i alle kontorlokale. Endå det einaste eg har ete dei siste to dagane er ein neve ritz-kjeks. Det var alt eg hadde å seie om saka. Og eg legg ikkje ved bilde. Det får då vere måte på

4 kommentarer:

Cathrin sa...

Å urk altså! Stakar stakar deg, det finnes ikke en ting jeg finner værre!

Ligg i ro, la mannen ta seg av resten av familien - og be han kjøpe cola og potetgull. Det er nok best du rister ut litt kullsyre, ellers er det rimelig raskt opp igjen minnes jeg å huske..

Gode klemma <3

Anja Holt sa...

Du er god på å beskrive, bilde trengs ikke, ellers takk. "Ser ut som en narkoman"? Jo, takk skal du ha, lissom? Hehe, god bedring!

Siv sa...

Stakkars, no tenke ej du ønske deg litt nærmere Fjørtofta og ho mor :-) travelt at dokke he vore så sjuke alle sammen. Utenom Stein da, og hans asketiske livsstil (da flira ej høgt ;-)) Snakkast snart xx klem

Anita Cathrine sa...

Håper dere er bra igjen nå altså... :(