mandag 1. mars 2010

Subjektivt sannferdig

Etter å ha lese første bind av Min Kamp, er det ikkje anna å gjere enn å bøye seg i støvet. Eg er dødsimponert, og fascinert. Og skal nesten straks slutte med Knausgård-vitsar. Måte på til nydeleg velskriven og tilsynelatande ærleg bok. Sjølv om den sjølvsagt ikkje er det. For ingen har SÅ fotografisk hukommelse at dei kan hugse at kaffetraktaren var halvfull då dei kom inn på kjøkenet heime etter å ha vore ute og henta ved på nyårskvelden 1984. Kanskje dei kan hugse akkurat det. Men ikkje alle slike detaljar i alle ting ein har opplevd. Det er utanfor den mennesklege kapasitet. Men det er nesten litt av det geniale med denne boka synest eg. Den er som oss menneske tilsynelatande ærleg, men eigentleg ikkje. Og det er igrunn heilt sjølvsagt. Alt er ein illusjon. (Litt svulstig der ja, og det skal bli verre:) For opplevinga av kva som er sant ER subjektiv. Og det gløymer vi ofte. Dette er ein versjon av sanninga. Kanskje prøver han å skrive så sant han kan? Han skriv i allefall sannare enn dei fleste andre eg har lest. Og han skriv godt. Både om det store og om det smålåtne. Om den sjelelege storleiken og om dei grimme kvardagslege realitetane med å vere menneske. Han tvingar lesaren til å forholde seg til dei store universelle spørsmåla og sveittelukt og diare på ei og same side. Og får det til utan at det blir banalt eller provoserande eller påtatt. Det er kanskje det eg likar aller best med denne boka. Det er det første eg har lese som i så stor grad skildrar korleis det ER å vere menneske. Og meir enn noko anna eg har lese på lenge, triggar den tankane mine. Det i seg sjølv gir eit stort pluss i margen. Når vart sist ei bok så debattert som dette bokverket? I dag gjekk eg bak ei dame på veg ut frå stasjonen. Ho sa "det er noe med den beskrivelsen av detaljer og banaliteter" Og eg skjønte umiddelbart at ho snakka om "Min Kamp" Eg trur det er den tilsynelatande sannferdigheita som gjer at vi blir så fascinert. Tross alt er det slik at vi menneske ikkje veit om anna enn oss sjølve. Korleis det er å vere meg. Korleis eg sansar. Korleis kan eg vere sikker på at når eg ser på fargen blå, så ser du den same blåfargen. For alt eg veit kan blått sjå grønt ut for deg. Det vil vi aldri få vite. For vi vil aldri kunne besøke kvarandre mentalt og sjå med kvarandre sine auge. Eg vil aldri få vite om det du kallar å elske nokon, er akkurat det same som den kjensla eg har inne i meg når eg f.eks ser på borna mine. Men vi får stadig indisiar på at vi er like. Små indikasjonar på at vi tenkjer likt, og kjenner likt og ser likt. Joseph Conrad sa "Vi lever som vi drømmer, alene". Og det er sant. Same kor mykje vi giftar oss, og kor tett vi ligg inntil kvarandre. Kor bestevenninnete fjorten år gamle jenter er med lik genser og lik hårsveis og lik sminke og like meiningar. Innerst inne er vi åleine alle saman. Og eg trur vi har i oss ein lengsel etter å vite at vi høyrer til. At vi er som kvarandre. At handa di og handa mi er like. Så langt har eg funne ein einaste måte å oppleve dette på. Kommunikasjon. Og i størst grad bøker. Gjennom litteraturen får du lov til å besøke andre menneskesinn. Du får følgje deira tanke. Vere i deira hovud. Og kanskje av og til kjenne at "akkurat slik er det". Men Knausgård tar det lengre. Han skummar ikkje berre overflata. Han skriv og om dei tankane som ingen vil vedkjenne seg. Dei tinga vi held for oss sjølve. Ekstremvarianten er kanskje når han skriv om at han på veg i dusjen vurderer om han skal runke eller ikkje. Og om skamma ved å tenkje noko slikt i ein situasjon der han burde tenkje heilt andre ting. Journalisten som gøymer seg langt der inne i meg får sjølvsagt lyst til å lage ein femsiders magasinartikkel med den andre sida av sanninga. Intervjue menneske som har kjent Knausgård opp gjennom livet. Bestekameraten Jan Vidar. Trommisen i bandet. Den første jenta han var saman med. Onkelen Gunnar. Ekskona Tonje. Eks-svigerfaren. La dei få kome med si oppleving av han. Presentere den sida av Knausgård som vi ikkje kjenner, og han minst av alle. Kva har andre tenkt om han i alle desse åra? Korleis har han blitt oppfatta? Kva slags irriterande uvanar har han som han ikkje veit om sjølv eingong. Smattar han når han et? Vik han unna ubehagelige ting? Men samtidig har eg ikkje lyst til å vere slem med han. Og det vil uansett vere umogeleg å gjere opp at den jobben han har gjort. For gjennom å invitere oss inn i sin måte å tenkje på gir han oss og mogelegheita til å sjå når det er grunn til å tru at han vurderer dårleg. Kva som er dei svake sidene hans. Eit intervju med ein barndomskamerat vil ikkje på nokon måte vise heile biletet. Vi vil ikkje vite om ein av grunnane til å seie at Knausgård var ein irriterande jæ*** er at den same Knausgård hadde ein måte å snakke på som gjorde at denne kameraten alltid følte seg mindreverdig. Eller om barndomskameraten i møte med ein journalist i størst grad vil vere opptatt av sin eiga forfengeligheit, og vil gå i den vanlege "eg verkar smartast om eg er kritisk"-fella. Så det er ikkje anna å gjere enn å forholde seg til dei premissane som er lagt, og ta det for det det er. Eit spennande litterært prosjekt, som dessutan er både godt skrive, og lesverdig. Eg synest Knausgård er modig. Eg gler meg til å lese neste bok, samstundes som eg takkar min gode skapar for at eg aldri har veksla eit ord med Knausgård. (Sjølv om eg mistenkjer at vi budde i Volda samstundes og lurer på om ekskona hans er ho med langt brunt hår og dokkeansikt som eg trur heitte Tonje, som eg aldri kjende, berre kjende til)

Ingen kommentarer: