tirsdag 2. mars 2010

Tralala vår - også i år

Eg kjenner at eg er våryr. Det kriblar i kroppen, og eg smiler av meg sjølv. Eg går rett og slett rundt og kjenner meg litt forelska. I våren, og livet og sola og alt. Endå snøen ligg i høge skavlar utanfor huset. Eg trur det må vere lyset. Og det å sjå enden på vinteren berre nokre få helgesvingar framom oss. Det er mars. Det er offisielt vårmånad. Snart kjem dei første rapportane om snøklokke-sighting på Sunnmøre til å kome. Og DÅ er det vår. Då har vi ei lang lys tid å sjå fram mot. Med fuglar og sommerfuglar og planter og hagearbeid, og åpne dører og deilig luft som stryk som ein sval vind rundt kroppen. Mmmmmmmmm
Livet er herlig.

2 kommentarer:

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

Snøklokkene er faktisk sighta allereie... Ej såg den første so ikkje berre va en knopp, men ei klokke i går!!

Siri

Nina sa...

jaaaaaaaaaa !!!!!!!! vååååååååååår!! Nååååååååååå !!! :)