lørdag 17. april 2010

Ein rar dag

Har kjent på triste og gode ting. Grått mykje. Fått veldig gode klemmar, og helsingar som har varma enormt. Har ikkje fått svart på ei einaste ei. Men dei har betydd mykje. Har køyrt femti mil, og er no på ferja på veg for å ikkje treffe far min meir. Aldri meir. Det er så ufatteleg at eg har ikkje ord for det. Eg er 37 år i dag, og eg kjenner meg som ein jentunge akkurat no. Eg treng han litt til. Som det fundamentet han og mor mi alltid hare vore for meg. Som den interessante samtalepartnaren han alltid har vore. Som mykje meir. Og i løpet av dagen har eg høyrt "historia" etablere seg. Historia om kva som skjedde. Setningane i rekkefølgje som kjem ut av munnen min når eg snakkar med folk og fortel kva som har skjedd. Og alt medan eg ser og høyrer det heile litt utanfrå. For det har ikkje gått opp for meg endå. No skal eg køyre av ferja og til bårehuset for å sjå far min. Eg ønskjer meg å kunne late att augene og når eg let dei opp igjen så er alt som det var i går.

5 kommentarer:

Nina sa...

vi sender våre varmeste tanker til deg og familien din nå, kjæreste Eliannaen vår .. du behøver ikke svare på meldinger du får, alle som sender deg vet at du er glad for dem, og at det er tungt å svare, ikke minst at du har andre ting å prioritere nå.

Vi er her alle sammen når du har tid og ork og lyst til å ha kontakt. I mellomtiden bor du i våre tanker.

Stoor klem fra din venn <3

LenaF sa...

Det gjør meg så vondt, at du har det vondt. Jeg bare ønsker å holde rundt deg, værme deg og bære en del av sorgen din. Sender en digital klem!

Anonym sa...

Ord blir fattige. Likevel, mine dypeste kondolanser. Håper det etter forholdene går ok med dere alle.

Anja Holt sa...

Det var sjokkerende lesing etter ett par dager uten nett. Tenker masse på deg, håper at dere alle passer på hverandre. Tenker på deg og dine og sender alt det gode jeg kan i deres retning!

Anonym sa...

Offa mej! Tenke på dej å familien din Elisabeth! Skulla gjerne haldt rondt dej å gitt dej en super go klem! Bli so lei mej sjøl! Ej set i Aberdeen å skulle so meir enn gjerne følgt Palmar t grava! Ej e me i tankane mine!
Tenke kjempe mykkje på dokke!!
Store goe klemma frå lille Anette :o)