mandag 12. april 2010

Ti ting

Til jul fekk eg ei fantastisk bok av mi gode venninne Ellen. Den heter "Livet mitt i lister"
Eeg har vore litt dårlig på bloggfronten i det siste. Det er ikkje alltid at dewt ein går og tenkjer på egnar seg som bloggpostar. Ikkje fordi ein tenkjer på ting som er hemmelige, eller er vonde og vanskelige, eller noko slikt. Men somme gonger blir ein litt oppslukt av ting som ikkje er så bloggvennlege. Og sånn har det vore for meg i det siste. Men no tenkte jeg skulle komme litt mer på banen gjennom å liste opp livet mitt litt.
Så i dag:
Ti ting folk flest synst er heilt OK, som eg innerst inne ikkje likar:
- Kjip brødmat.
- Å rive ost
- Å bake ut pizzadeig
- Å tømme ut vatnet frå vaskebøtta
- Å skifte på senga (men likar det når det er gjort, sjølvsagt)
- Å trene (aller verst: å jogge, samt ballspill)
- Fotball på TV
- Alt som er "kleint", som dei seier her autspå. Det betyr slike ting som er heilt på grensa til det pinlege fordi dei er ekte-meint. Offentlege frieri, voksne som har kledd seg ut, utdrikkingslag.
- Ting som er stygge men praktiske (allværsjakke etc)
- Studentaktig sparsommeligheit. (Kvifor kjøpe te i kantina når ein kan ha med eigen pose heimanfrå og berre varme vatnet i mikroen, liksom?)

2 kommentarer:

Anita Cathrine sa...

he he for en liste da du :)

kan forsåvidt være enig i at flere av tingene er småkjipe, men ikke sånn at det plager meg nok til å lage en liste, hihi:)

Elisabeth F sa...

Skal man presentere livet sitt i lister må man også ta med småtingene