mandag 5. april 2010

Vår

Heime igjen etter påskeferie på Fjørtofta. Der sola skin, og det er ein fin vårbris, og krokus og snøklokker blomstrar i beda. Hadde ikkje lyst til å reise ned igjen i går, men påska har i allefall vore full av alt det påska skal vere full av. Kvalitetstid med bror og svigerinne og tanteungar, og mor og far, og litt selskapeligheiter. Dansing på samfunnshuset er alltid fole kjekt. Jentekveld i Gyridgarden var superkoselig. Fastlandstur med besøk hos Judith, og eg har sett på huset til Siv (Og er litt misunnelig på at Siv og Judith bur 100 meter frå kvarandre. Vurderer å sette opp telt i krysset midt mellom der) og på Hildre hos Lillian og Reidar. Og eg rakk å besøke `faste` på kvileheimen. Og familieselskap hos tante Joveig. Og tur ut i Neset, der vi vandra mellom flokkevis av bittesmå villsaulam, og opp på Æafjellet med utsikt og solskin. Og mykje innpust og utpust av frisk god havluft. Og lesing av "Heidi" til Alvilde, og strikking, og lesing av god krim (siste til Läckberg) og sykling. Og mor har laga verdas beste mat, fårikål og heimelaga kjøtkaker, og fiskegrateng. Kven vil vel tilbake til snøen på austlandet etter slikt. Men sola skin her og, då. I det minste Sukk. No går eg ut i hagen med hårfønaren trur eg.

1 kommentar:

Nina sa...

tro ikke annet enn at jeg har vært skrekkelig misunnelig på deg ... vår der oppe er praktfullt!!

men nå er jeg glad du er hjemme igjen :)