onsdag 5. mai 2010

Fråflytning

Eg var vekke frå jobben i ei veke då far min døydde. Då telefonen kom sette eg meg i bilen og reiste. Til Sunnmøre, til øya, til mor mi. For å få vere saman med dei som framleis er familien. Fordi ein av oss er vekke. Det var rare dagar. Tid som setter spor. Minutt, sekund og kjensler ein alltid kjem til å hugse. Eg gjekk turar og såg på små nyfødde lam, og eg køyrde rundt i bilen til far min. Han som no er død. Men som ein framleis kan kjenne avtrykket av i bilsetet og i rattet. To dagar etter at hjartet til far min stoppa, medan han sat fredelig på ein stol og skrudde på noko, gjekk eg bort i arbeidskjellaren der han døydde. Eg sette meg på stolen, som framleis stod slik den hadde stått. Klokka var omlag det same og veret omlag det same som det hadde vore to dagar før. For alle andre var nok dagen lik. Ein av mange slike fine vårdagar i april. Hadde ikkje hjartet til far min stoppa denne dagen ville han ha sagt det i praten på telefon. "Nei det har nå vore bra no ei periode." Og på den måten innlemma desse solskinsdagane i april i ein flyt. Gjort dei til ei sams gruppe. Men så døydde han. Og det vart eit vasskille midt i tida. Midt i fineversdagane. Det vart før og etter. Denne formiddagen to dagar etter sette eg meg i stolen der han sat då hjartet hans stoppa. Og eg lot att augene. Eg kjende etter. Korleis det var å site der. Høyrde på det som mest sannsynleg var dei siste lydane han høyrde. Før sanseapparatet hans slutta å verke. Før han for. Det var ikkje mykje å høyre. Det er stille på ei delvis fråflytta øy. Utanfor høyrde eg fuglane som kvitra. I saudegjerdet hos naboen mekra ein sau. Det var så stille at eg kunne høyre ein traktor som spreidde møk på hi sida av øya. Det var fredelig. Det var ein god plass å vere. Og kanskje ein god plass å døy?
Eg lot opp augene og røyste meg. Eg begrov far min og reiste derifrå. Eg kom tilbake på jobb og såg ut av vindauget. På endå ein fineversdag. Den tiande dagen etter at far min for. På kyrkjetårnet utanfor vindauget har klokka byrja gå igjen.

3 kommentarer:

Birger sa...

Bra skrevet. Men jeg likte bildet best. Kjempebra bilde, som sier mer enn 1000 ord.
Kondolerer.

Anita Cathrine sa...

Birger sa det så bra. Så jeg sender deg en klem og lar han snakke for meg ..

Anja Holt sa...

Jeg har også slike tidsskiller. Før og etter pappa døde og før og etter barnas fødsler. Slik tidfester jeg ulike hendelser... kanskje vi bare rett og slett er normale?