onsdag 16. juni 2010

"Det e nå' ei feme'"

Ville eg sagt om eg var heime. Og snakka om heroinutdeling. For den som ikkje er infødd "søgarding" kan det vere på sin plass å forklare. Ei feme er det same som ei motegreie. Noko som plutseleg er populært, og då skal alle ha det. Og så er det like raskt umoderne. Det som er trendy akkurat no.
No trur ikkje eg at "ALLE" skal ha heroin. Heroin er nok dessverre kome for å bli. Utan at det betyr at ein skal gje opp visjonen om eit narkotikafritt samfunn. For ein visjon treng ikkje å oppfyllast. Ein visjon er idealet. Det du veit er det beste, og som du jobbar for å nå, sjølv om du veit at det ikkje er råd. Det er uansett ikkje det som er viktig. det viktige er at når ein jobbar mot ein visjon så får det positive ringverknader.
Som f.eks når ein tenkjer at ein skal vere eit ærleg menneske. Ingen av oss kan love at vi aldri nokon gong meir skal kome med ein kvit løgn. Men om vi har visjonen om å være ærleg med oss, så vil det i seg sjølv føre til at det blir færre av dei kvite løgnane og.
Men tilbake til "fema". Som i dette tilfellet er heroinutdeling som enkel løysning på narkotikaproblemet i Noreg. Grunnen til at eg er litt oppgitt er at i dag legg Stoltenbergutvalet fram sin rapport. Og dei kjem nok til å gå inn for heroinutdeling. Og når sjølvaste Thorvald seier det, så kjem plutseleg veldig mange andre til å tru at dette er løysninga.
Sjølv så blir eg altså mest oppgitt. Om heroinutdeling er løysninga, kvifor var det ingen som tenkte på det for fem år sidan. For ti år sidan. Her i landet har vi ein tendens til å få litt skylappar. Vi ser berre det som er rett framfor oss, også trur vi helst at det er det viktigaste i verda og det einaste rette. Også tar vi litt av. Vi finn opp krutet, og klappar beigeistra med hendene.
For eit par år sidan var det fleire som var livredde på grunn av fugleinfluensa. Hugsar du den? Det var den tingen vi var redde for FØR svineinfluensa. Det kom daglege nyheitsrapportar om bønder som døydde i Kina. Og folk flest lengta etter å fylle opp medisinskapet sitt med tamiflu, så ein i allefall kunne halde seg og sine friske. Så kom svineinfluensaen. Og det merkelege er at i same augneblink var fugleinfluensaen tilsynelatande vekke. Altså: det var den sjølvsagt ikkje, men om ein har på seg skylappar så ser ein berre det som er rett framføre seg, og vi hadde snudd på hovudet. No var det svineinfluensa vi såg. Og den såg vi godt, for den var omtalt med krigstypar på framsidene av alt som kunne trykkast på avispapir her i landet. Vi sprang avgarde og tok vaksine, og låg vakne om natta og uroa oss. (I gjenfortellinga her hoppar eg berre over at vi faktisk hadde eit tilfelle av svinfluensapanikk eit år før og, også gløymde vi det, også plutseleg kom vi på det igjen og fekk endå meir panikk) Poenget mitt er at vi er litt styrte av "femer". Det som står på framsidene er sant. Desto meir som står om noko, og desto lengre det står der, desto sannare blir det. Og i dei fleste tilfeller ER det nok meir eller mindre sant. Men KOR sant er spørsmålet. Er det krigstype-sant? For om det er SÅ sant. Kvifor blir det då så raskt usant og uviktig i det vi snur på hovudet og oppdagar ei askesky over Island?
Det er "femer" innanfor alle område. Mange meiner bokstavbarn-boomen er ei feme. At det eigentleg handlar om at vi ikkje har tid til at barn skal få vere barn lengre. Eg var hos legen for ei vond skulder for nokre veker sidan og fekk beskjed om slimposebetennelse. Altså? Dei siste tre åra kjenner eg minst tre - fire personar som har hatt problem med slimposar i ledd. Før det ante eg ikkje at vi hadde slimposar eingong? Det kan såklart vere at legar akkurat har oppdaga slimposar (og at Nobelprisen i medisin i år går til vedkommande som fann desse) men eg mistenker ei "feme" innanfor legestanden og.
Og kva med Facebook og det ein så fint kallar "nye medier"? Heilt klart ei feme. Dei kjem ikkje til å forsvinne igjen, det er ikkje det eg meiner, men dei kjem ikkje til å vere "det alle snakkar om" til evig tid. Og sann mine ord: Om samfunnsengasjementet ditt er mest synleg gjennom kva facebookgrupper du er med i, så må du skjerpe deg. Du reddar ikkje verda gjennom Facebookgrupper. Det er "lat manns løysning".
Og no som vi er ferdige med å snakke så mykje om Knausgård som vi gjorde ei stund. Så er det altså heroinutdeling det handlar om. For det skal gje narkomane verdigheit. Men eg skjønar ikkje korleis.
Eg trur at om vi startar opp med heroinutdeling så vil vi om fem år site der med same problema som i dag. Berre ørlite annleis. Og det provoserer meg. Fordi om ein hoppar på ei feme for å finne løysninga på kompliserte problem, så blir det feil. Og eg har i min naivitet trudd at dei seriøse beslutningstakarane på eit vis var heva over å la slike "forsidefemer" styre verdsbiletet deira. Og dette handlar om menneske. Det handlar om eit underfinansiert rusfelt som treng å bli tatt på alvor. Som treng at utvalget som skal vurdere kva som må til for å gjere kvardagen deira betre ikkje berre hoppar på ei "feme"som legaliseringstilhengarar har drive godt lobbyarbeid for. Men at dei faktisk lyttar til fagfolk og seriøs forskning. Om den enkle løysninga synest for god for å vere sann, så er den mest sannsynlig det. Då er den nok rett og slett ei feme.
(Vil du lese dei gode argumenta MOT heroinutdeling kan du lese det på http://www.actis.no/
- garantert basert på forskning, ikkje "femer")

Ingen kommentarer: