lørdag 3. juli 2010

Divine intervention

Av og til lurer eg på om eg har lese for mange bøker. Det er ikkje det at eg mistrivest med bøker. Eg kunne nok ikkje greid å leve utan bøker. Men av og til så tenkjer eg at hovudet mitt er litt øydelagt. Eg forventar liksom at det skal vere eit plott. At trådar skal nøstast opp. At den gamle mannen eg kom i snakk med på busshaldeplassen skal vise seg å ha betydning om to kapittel. Men så er det ikkje slik. "På rett" er ikkje livet slik. Ting kan vere irriterande meiningslause. For verkelegheita er hendingar som ikkje har noko med kvarandre å gjere. Livet er brødskiver som landar med pålegget ned. Tog ein rekk eller ikkje rekk, og rekningar som må betalast. Menneske ein treff og likar, som ein seinare mistar kontakta med, og som ein etter nokre år kanskje treff på gata for å oppleve at de har blitt framande for kvarandre. At de som fann tonen så godt den gongen ikkje har noko å seie til kvarandre lengre. Kanskje det er det som er poenget mitt med denne bloggen? Å sette hendingar inn i ein kontekst, å skape eit slags plott. Men her om dagen opplevde eg ei endring. Ein slags guddommeleg inngripen. Det hende omsider ting som var som henta ut frå ei bok. Berre småting. Men likevel. Plott!! Eg sat på toget, som slakka ned utanfor Fredrikstad. Frå togvindauget såg eg ein ung gut i raud shorts som heldt på på ei fotallbane. Sola skein, og han var allereide mørkebrun på den bare overkroppen. Han kunne vore 13 - 14 år. Medan eg betrakta han frå togvindauget sikta han på mål på lang avstand, og skaut eit skot som sikkert gjekk over halve bana, og som sat perfekt i krysset. Bedre kan det ikkje gjerast. Og han var åleine der. Han datt ned på kne og såg heilt mållaus (merk artig ord der) ut. Og han ante ikkje at det faktisk var nokon som hadde sett prestasjonen hans. Ein liten ting. Men vanlegvis ville ikkje dette skjedd slik. Om ein ser ut jennom eit togvindauge og får med seg ein brøkdel av noko, så er det vanlegvis ein brøkdel. Ute av samanheng, ikkje eit plott. Vanlegvis ville han ha bomma, eller ikkje eingong ha skote på mål. Kanskje han ville han sett opp nokre kjegler eller noko slikt. Men ikkje denne gongen. I det eg ser opp ser eg ungguten spring mot ein ball for å skyte mot målet, som ligg endelaust langt unna. Han sparkar til, og både han og eg følger ballen med blikket. Den går i ein høg perfekt boge mot den knall blå himmelen, og i det den går i mål, oppe i høgre hjørne fell guten ned på kne, armane i veret i ein stille triumf. Det var som klipt ut frå ein Saabye-Christensen-roman. Og eg sit på toget og tenkjer: kva er dette... eit plott? Det var berre ei lita episoden. Når eg skriv den ned no verkar den meiningslaus og litt teit. Men det var noko med det fullendte i det. Så eg sat plutseleg der og undra meg: Skjer det ting som er som henta frå ein roman her no? Det var noko anna enn dei vanlege oppned-brødskivene. Eg er spent på korleis dette utviklar seg. Vil det skje meir? Finst det ein stor forfattar der oppe? Ein som skriv historiene våre. Eg gler meg til neste kapittel

1 kommentar:

Nina sa...

Du skriver så utrolig bra .. Du burde vært forfatter.