tirsdag 6. juli 2010

Damekaffe, og å kjøpe ein draum

Prøver å ikkje tenke på at eg har brukt litt for mange pengar på ei ufatteleg kul kaffemaskin.
Har tenkt på den ei stund. Og så rota eg meg inn på Nespresso-butikken på Eger her i går. Og dermed var det gjort. Eg kjøpte for skattepengar, og drog kortet og no eig eg ei Nespresso Latissima. Kremkvit og lekker og istand til å lage supergode koppar med kaffe.
Om eg skal analysere situasjonen i ettertid ser eg at eg definitivt vart sugd inn av atmosfæren. Damene som jobba der var blide, og hadde sånne snuppekorte sekstitalskjolar. Og kunne det dei snakka om. Og lagde kaffe til meg, slik at eg skulle få sjå korleis det verka. Og så serverte dei meg kaffe i høge glas med skeia og sukkerposen liggande i dekorativ vinkel på fatet. Og dei hadde fin musikk som stod på passe høgt, og fine møblar i skinn, og høge glasdører. Og alt var berre så fint og vakkert og reint og ryddig i nespresso-verda. Alle snakka til kvarandre med lave stemmer og sa hyggelige ting. Og det gjorde at eg var villig til å oversjå dei små tulletinga. Som at eg ved å bli med i club Nespresso kan ringe til ein 24 timar support-telefon for å få bestilt kaffe. Det er nesten så eg må prøve ein gong berre for å teste det ut. Sjølv om tanken på at eg skal ha ei desperat kaffekrise som må løysast midt på natta er ganske fjern. Endå eg er glad i kaffe. Om dei då ikkje kan vere her i løpet av tjue minutt. (I så tilfelle skal eg anbefale dette til alle mine tidligare kolleger i NRK som framleis står opp midt på natta for å gå på jobb. ) Men no står kaffemaskina på kjøkenbenken, og i dag har eg drukke tre damekaffiar. Og den er så fiiin at eg må bortom for å klappe på den av og til.

3 kommentarer:

Hegemor sa...

Denne har du definitivt fortjent! Hva er vel livet uten god kaffe?
Jeg har forresten en hilsen til deg på bloggen min: www.skoglynordre.blogspot.com :-) Hege

Anja Holt sa...

ooohh, denne var en snasen liten sak! Livet er for kort for dårlig kaffe, og det er få ting som gir meg sjelefred som det å kunne snike til seg en kaffe i morgensolen uten at noen vet hvor jeg er.... kos deg masse!

Anita Cathrine sa...

Jeg liker ikke kaffe, men kjenner at jeg nesten får lyst på når jeg leser historien din .. du skriver så levende ..