mandag 26. juli 2010

Sju ting

Det er hyggelig å bli lest, og jeg er heldig som har noen som faktisk leser bloggen min. Og for et par uker siden så fikk jeg en award fra min venninne Hege, som har en kjempefin blogg fra sitt hus under furutrærne. Den bør alle stikke innom. Hege er for øvrig et menneske som imponerer meg. Hun er en kapasitet på de fleste felter.
Men i awarden ligger det at jeg skal fortelle sju ting om meg selv. Nå er jeg klar over at denne bloggen, som de fleste blogger, er rimelig navlebeskuende fra før. Men hold ut eller hopp over denne posten.
1) Eg er nynorskmenneske. Og trass i at eg sjølv meiner eg kan bruke begge skriftmåla våre like bra, så er nynorsk den beste måten for meg å uttrykkje seg på. Eg meiner mykje om nynorsk. Mest av alt meiner eg at det er viktig at språk får utvikle seg i takt med samfunnet. Ein skal ikkje ha så mykje "museumstankegang" når det gjeld språk. Det skal vere bruksspråk. Og det betyr at ein må akseptere lånord både frå engelsk og andre språk.
2) Eg har lett for å få mentale gnagsår. Når eg synes ting er litt "kleint" som dei seier her på Eidsvoll. Litt sånn pinleg teit. Eg får f.eks mark når damer omtaler mannen/sambuaren sin som "gubben" eller når venninner kaller kvarandre for "snuppa". Men eg veit at det er uviktig, og synes det er litt kleint av meg sjølv å henge meg opp i slikt
3) Eg er kreativ. Eg må skape noko med hendene mine. Kva det er og korleis er ikkje så nøye. Akkurat no strikkar eg. Og i sommar har eg hatt ein "portalopplevelse" (som er når ein gjer noko for aller første gang) i kraft av å ha lært meg å strikke litt mønster. Og om eg ikkje får dei krative opplevingane mine, (i kraft av å lese, eller skrive eller sjå film, eller høyre musikk. Eller altså lage noko med hendene mine) så fungerer eg dårleg.
4) Eg elskar å lage mat, og kan bli litt sur om eg får servert dårleg mat på restaurant. Om ein har gode råvarer, så fortjener dei å bli omskapt til god mat. Ikkje middelmådig mat.
5) Eg jobbar med å bli flinkare å kjenne på eigne grenser. Eg kan av og til slite meg litt ut.
6) Eg er litt vel ung av meg. Inni. Eg har framleis det brennande engasjementet som for dei fleste pregar ungdomsåra. Kanskje ikkje på dei same tinga, men når det f.eks gjeld diskriminering. Det gjer at eg eigentleg har lyst til å lære meg samisk. Eg synest at det er ei skam at vi "nordmenn" ikkje veit meir om den urbefolkninga vi har her i landet. Og at den samiske kulturen ikkje alltid blir møtt med respekt.
7) Eg er jordbunden. Det finst menneske som ikkje knyttar seg til stader, og som lett som ein plett flyttar til ein ny stad. Eg er ikkje slik. Eg treng å høyre til ein stad, Eg har litt "odelsfølelse" i meg. (Utan at eg på nokon måte har odel, eg er faktisk yngste dottera til yngste dottera til yngste dottera til yngste dottera) Eg er jordbunden. Eg har stader som er viktige for meg. Svebakken, Fjørtofta og huset vårt her på Eidsvoll.

Ingen kommentarer: