mandag 26. juli 2010

Lese las he løse. Leseløst

Og eg gløymte å nemne at eg har lese mange bøker denne sommaren. Dei siste to vekene har eg gjenlese Maria Gripe. Dei første to bøkene i Skygge-bøkene. Skyggen over steinbenken og De hvite skyggene i skogen. Så fekk eg litt dilla på Johan Theorin, så eg leste eit par av bøkene hans. Også har eg lese om Englandsfarten. Og eg held på med bok nr 2 av Anna Gavalda. Hugsar ikkje kva den heiter, og eg gidd ikkje heilt å google akkurat no. Men det er den om den smådepressive arkitekten. Og eg trur eg likar den, men eg må ta den etappevis. Likar i allefall at den er på nynorsk. Og på GODT nynorsk. Flink oversettar! Og i dag avslutta eg Sangen om den Røde Rubin. Eg leste Lasso rundt fru Luna for ein månad sidan omtrent. Fekk tips om at det var ei god bok, og ettersom eg leste Mykle sist i tenåra, var det vel på tide å ta han fatt igjen. (Som dei fleste andre hugsa eg vel ikkje så mykje anna enn at bøkene var ganske direkte på det erotiske feltet, frå førstegongslesinga) Men du verden for nokre bøker!!! For eit språk. Og då snakkar eg ikkje om den eroitiske biten, som med dagens auge ikkje er så sjokkerandre akkurat. Men om språkføringa, skildringa av det sårbare mennesket. Det er sjeldan bøker grip meg sånn. No vurderer eg faktisk å prøve meg på Bjørnson. Han har stort sett støva ned i hylla ved sidan av dei andre tre store. Men det må vel vere noko med han? Og kva med Ibsen? Burde ikkje alle nordmenn kjenne sin Ibsen? Og då meiner eg meir enn å ha sett eit og anna Ibsenstykke på teater. Men eg har litt anna feelgood-litteratur og. Og minst eit par andre bøker liggande oppslått rundt om kring.

2 kommentarer:

Nina sa...

jeg er ordentlig ig gjennomført misunnelig på lesekapasiteten din .. da jeg var tenåring kunne jeg lese en bok om dagen, leste absolutt alt, og leste hele tiden .. nå er ME-tåka så tung at det gjør fysisk vondt å skulle konsentrere seg om noe mer enn lettleste husmorbøker som jeg har lest før ..

savner lesegleden ..

men jeg digger å lese bloggen din :)

Cathrin sa...

Endelig blogger du igjen :)

Bøker som ikke engasjerer, men underholder er stikkordet på krimmen jeg holder meg til i sommer. Fint med slike også :)